Forside » Politisk forum » Årsmelding 2006
Årsmelding 2010
Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes
26.07.11Årsmelding for Fjellregionsamarbeidet
20.03.2010 – 01.04.2011
”Fjellbygdene Lever – Fjellbygdene Leverer”
Fjellbygdene sitt talerør
Fjellregionsamarbeidet består av dei fem fylkeskommunane Oppland, Hedmark, Buskerud, Telemark og Sogn og Fjordane, regionråda for Hallingdal, Valdres, Nord-Gudbrandsdal og Fjellregionen i Hedmark/Sør-Trøndelag, samt kommunane Tinn, Krødsherad, Fyresdal, Hjartdal, Vinje og Rollag.
Fyresdal kommune meldte seg inn sist sommar, og vart tatt opp som medlem av Arbeidsutvalet i møte 13. august 2010.
Føremål og virkeområde
Fjellregionsamarbeidet er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg der fjellet er ein viktig del av ressursgrunnlaget.
Fjellregionsamarbeidet arbeider for levande og livskraftige fjellbygder.
Fjellregionsamarbeidet er pådrivar for ein politikk som sikrar at ressursar og verdiar i fjellområda gjev grunnlag for utvikling og trivnad i fjellbygdene.
Arbeidsutval
Svein Borkhus, leiar, Hedmark fylkeskommune
Arne Vinje, nestleiar, Telemarksregionar/kommunar
Jenny Følling, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Lars Bjaadal, Telemark fylkeskommune
Magne Pedersen, Buskerud fylkeskommune
Kjetil Lundemoen, Oppland fylkeskommune
Olaug Grønseth Granli, Buskerudregionar/kommunar
Eivind Brenna, Opplandsregionar/kommunar
Olov Grøtting, Hedmarksregionar/kommunar
Arbeidsutvalet har hatt sju møte dette arbeidsåret. Seks av møta vart gjennomførte i Oslo, da dette er mest praktisk i høve til reiseavstandane. Eit møte vart haldi på Brennabu i Vestre Slidre i Valdres, med Elisabeth Mellbye og Eivind Brenna som vertskap.
Sekretariat
Rådsmøtet 2010 vedtok at det framleis skal vera ein 100 % sekretariatsressurs for Fjellregionsamarbeidet. Hedmark fylkeskommune har ansvaret for hovudsekretariatet. Sekretariatet er lagt til Eininga for næring og nyskaping, og dekkast av to medarbeidarar som arbeider til saman full stilling på dette området. I tillegg kjem andre tenester, som rekneskapsføring, trykking, IKT-tenester m.m. Arkivet for Fjellregionsamarbeidet er nå digitalisert, slik at det enkelt kan førast vidare til dei som seinare får sekretariatetsansvaret.
Kontaktpersonane i administrasjonane i fylkeskommunane fungerer som eit felles sekretariat, i tillegg til den ressursen som hovudsekretariatet i Hedmark har. Det meste av kontakten skjer via epost og telefon. Det vart arrangert to felles møte for det utvida sekretariatet i 2010. Sekretærane møter i tillegg på møta i det politiske arbeidsutvalet.
Den største arbeidsoppgåva for sekretariatet dette året var planlegging og gjennomføring av European Mountain Convention (EMC) på Lillehammer 15.-17. september 2010.
Årskonferansen og Rådsmøtet 2010
Årskonferansen med Rådsmøtet vart arrangert på Thon Hotel Highland på Geilo 14. april.
Det kom om lag 40 deltakarar frå alle delar av fjellregionane for å diskutere og lære meir om busetting i fjellregionane. Fyste del av dagen var via til statistikk og forskingsresultat, deretter vart gode døme frå fjellkommunar trekte fram.
Dei fleste konferansedeltakarane deltok også på rådsmøtet. Under møtet var 12 personar med stemmerett til stades. Det var aktive diskusjonar og mange innspel, spesielt rundt endringar i retningslinene og uttale frå Fjellregionsamarbeidet til ny Landbruksmelding.
Kommunane Krødsherad i Buskerud og Hjartdal i Telemark vart tatt opp som medlemar i møtet.
Svein Borkhus frå Hedmark fylkeskommune og Arne Vinje frå Vinje kommune vart attvalde som leiar og nestleiar for neste 2-årsperiode.
European Mountain Convention 2010
The 7th European Mountain Convention vart gjennomført med stor suksess på Lillehammer 15.-17. september 2010.
Temaet for konferansen var “Innovasjon som ein nøkkel til utvikling av fjellbygdene.”
Opp mot 350 deltakarar frå over 20 forskjellige nasjonar diskuterte fjellpolitikk, bygde nettverk, lærte om innovasjon og om korleis dette kan nyttast til utvikling av fjellbygdene. Konferansen var trespråkleg, med tolking mellom fransk, engelsk og norsk.
Statsråd Liv Signe Navarsete var til stades på den fyrste plenumsdelen av konferansen, og ho ga forsamlinga gode døme på innovativ utvikling i norske fjellområde.
Konferansen hadde to bolkar med fire parallelle sesjonar, slik at det i alt var over 50 innleiarar i aksjon, av desse fleire norske. Alle innleiarane hadde med seg forskjellige erfaringar og innfallsvinklar til innovasjonstemaet.
Som avslutning var det ein rundebordsdiskusjon, der temaet var ein mogleg handlingsplan for utvikling av innovative initiativ i dei europeiske fjellregionane. Norsk deltakar i denne diskusjonen var Elisabeth Mellbye, som driv bedriften Brennabu AS i Vestre Slidre, Valdres.
Det vart arrangert tre studieturar med forskjellige tema, to i Oppland og ein i Hedmark. Deltakarane fekk i tillegg til fagleg påfyll flotte naturopplevingar frå fjell og bygder.
Fjellregionsamarbeidet hadde lagt til rette for at alle deltakarane skulle få eit innblikk i norsk matkultur. Til alle måltida vart det servert tradisjonell norsk mat laga av råvarer frå fjellområda.
Konferansen kravde mykje ressursar både før, under og i etterkant av konferansen. I tillegg til at hovedsekretariatet brukte all tida si på dette i store delar av året, var det også mange medlemar som brukte tid på konferansen. Dette galdt særleg Oppland fylkeskommune, som gjorde ein stor innsats som teknisk arrangør. Også andre medlemar stilte med funksjonærar under konferansen, noko som var avgjørande for eit vellykka arrangement.
Rekneskapen etter konferansen viser eit bra overskot. Dette skuldast i hovudsak at kostnadane knytte til forelesarar og totalpakka rundt konferanselokala vart lågare enn budsjettert. Det vart heller ikkje brukt ekstern konferansearrangør.
Sjå også eigen rapport frå konferansen.
Her finn du Euromontana sin fagrapport frå konferansen.
Internasjonalt arbeid
Deltaking på konferansar
Hovudarrangementet til Euromontana 2010 var The 7th European Mountain Convention på Lillehammer. Det var om lag 175 norske deltakarar på denne. I tillegg var det mange norske deltakarar på PADIMA-konferansen i Torino i november.
Auka kontakt med Euromontana
I samband med planlegging og gjennomføring av EMC var det svært mykje kontakt med Euromontana, og da særleg på sekretariatsnivå. Dette har gjort at organisasjonane nå har stor kjennskap til einannan, og at nettverket har vorti enda sterkare enn tidlegare.
PADIMA (policy against depopulation in mountain areas)
Padima er eit Interreg 4C-finansiert prosjekt der m.a. Hedmark og Buskerud fylkeskommunar er med som partnarar. Prosjektet starta opp i 2010 og har til nå handla om utdanning/ opplæring/kompetanseutvikling. Buskerud fylkeskommune har saman med Torino-provinsen hatt hovedansvaret.
Etter oppstart i februar 2010 har partnarane kartlagt situasjonen i eige område, samt utarbeidd en SWOT-analyse på bakgrunn av kartlegginga. Dette la grunnlaget for valet av ”best practice”-prosjekta som vart presenterte på temaseminaret i Torino i november.
Hausten 2010 starta det vidare arbeidet, som har territoriell marknadsføring og merkevarebygging som tema. Hedmark fylkeskommune og Region Dalarna har hovudansvaret. Resultata blir presenterte på temaseminar i Trysil 24.-25. mai 2011.
Fjellmatkonferansen 2011
Fjellmatkonferansen 2011 vart arrangert på Geilo 7.-8. februar -11 av Norsk Fjellmatsenter, Fjellregionsamarbeidet og ei rekke aktørar i Buskerud. Føremålet med konferansen var å setja nasjonalt fokus på fjellmaten gjennom å samle produsentar av lokalmat i fjellområda, representantar frå reiselivet, matmiljøa, forsking og forvalting, og politiske aktørar. Konferansen samla over 100 deltakarar, som både fekk nyttig kunnskap, og som deltok i diskusjonar for å gi innspel til den vidare satsinga på fjellmat.
Definisjon av omgrepet ”Fjellregionane”
Kommunal- og regionaldepartementet sette i 2010 i gang eit utgreiingsarbeid med tanke på å få utarbeidd ein definisjon av kva som er fjellområde og fjellkommunar. Fjellregionsamarbeidet vart bedt om å delta i prosjektgruppa for arbeidet, og Kjetil Lundemoen deltok i gruppa på vegne av Arbeidsutvalet.
Østlandsforskning fekk oppdraget med utgreiinga, og statsråd Navarsete presenterte konklusjonane frå rapporten på European Mountain Convention. Østlandsforkning deltok på møtet i Arbeidsutvalet i november for å presentere resultata meir i detalj.
Definisjonen av fjellområda i Sør-Noreg er i hovudsak gjort ut frå høgde over havet. Som grense er sett 700 moh (600 i Nord-Trøndelag). I tillegg er det også tatt omsyn til kor bratt det er i lågareliggande terreng. Ut frå dette er så ein fjellkommune definert som å ha minst 50 % av arealet i fjellområdet. Dette gir 77 fjellkommunar i Sør-Noreg. Det er også definert noko som er kalla “tilliggande fjellkommunar”, der fjellområda utgjør mykje av arealet, men ikkje så mykje som 50 %, og der mange viktige funksjonar er knytta til fjellet. 36 kommunar er definerte inn i denne kategorien.
Det som ut frå rapporten kjenneteiknar fjellkommunane i høve til andre distriktskommunar, er avstanden til ein del sentrale velferdstilbod, og utfordringar knytta til infrastruktur. Fjellkommunane skil seg også ut ved at dei har hatt ein nedgang i folketalet på vel 5 % dei siste 20 åra. Gjennomsnittet for Noreg er ein auke på nesten 15 %.
Uttale til Landbruksmeldinga
Fjellregionsamarbeidet sendte eit innspel til utarbeidinga av Landbruksmeldinga, bygd på diskusjonen på Rådsmøtet, skriftlege innspel frå medlemane og diskusjon i Arbeidsutvalet.
Innspelet la vekt på kor viktig landbruket er for fjellbygdene, og at fjellandbruket legitimerer støtta til andre område i Noreg. Dei viktigaste fokusområda var den grasbaserte produksjonen, med særleg vekt på mjølkeproduksjon og beitebruk, rekruttering, tilhøvet mellom reiselivet og landbruket, lokalprodusert mat og forvaltinga av verneområda med omsyn til eit landbruk i utvikling.
Profilering
I 2010 vart det utvikla ein ny logo for Fjellregionsamarbeidet. Arbeidet vart gjort av eit byrå frå Valdres, med Olov Grøtting, Kjetil Lundemoen og Ann Marit Holumsnes som ansvarlege frå Arbeidsutvalet og sekretariatet.
I samband med European Mountain Convention vart det laga nytt informasjonsmateriell. Fjellregionsamarbeidet har nå seks nye roll ups, kort brosjyre på norsk og engelsk og nøkkelband med logo. Alle deltakarane på EMC fekk ostehøvlar med Fjellregionsamarbeidet sin logo.
Sist år ba Arbeidsutvalet om at arbeidet med heimesida til Fjellregionsamarbeidet vart prioritert. Det er difor gjort mykje med denne, både i grunnlaget for sida, og med å legga ut fleire nye artiklar enn tidlegare. I samband med European Mountain Convention vart det skrivi artiklar fortløpande, og besøkstalet på sida auka merkbart desse dagane.
Samarbeidspartnarar
Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) tar vare på medlemskommunane sine interesser i utmarksspørsmål. Dei hadde sitt landsmøte 15.-16. april. FRS sin nestleiar Arne Vinje sit i landsstyret for USS og informerte Arbeidsutvalet i etterkant av konferansen.
Stiftelsen Norsk Fjellmatsenter har som føremål å styrke Norge som fjellmatprodusent, og å vera eit nasjonalt kompetanse- og ressurssenter for fjellmat og fjellmatopplevingar.
Bioforsk Øst Løken fekk i st.meld. 25 (2008-2009) ei nøkkelrolle i høve til forsking og kunnskapsauke for næringsutvikling og forvalting av naturessursane i fjellregionane.
Norges Fjellstyresamband er interesseorganisasjon for dei 94 fjellstyra i Norge.
Årsmelding 2009
Ann Marit Holumsnes 28.02.11Årsmelding for Fjellregionsamarbeidet 2009
01.05.2009 - 20.03.2010
”Fjellbygdene Lever – Fjellbygdene Leverer”
Fjellbygdenes talerør
Fjellregionsamarbeidet består av dei fem fylkeskommunane Oppland, Hedmark, Buskerud, Telemark og Sogn og Fjordane, regionråda for Hallingdal, Valdres, Nord-Gudbrandsdal og Fjellregionen i Hedmark/Sør-Trøndelag, samt kommunane Tinn, Vinje og Rollag.
Sidan Rådsmøtet i 2009 har Krødsherad kommune i Buskerud og Hjartdal kommune i Telemark gitt melding om at dei har vedtatt å melde seg inn.
Føremål og virkeområde
Fjellregionsamarbeidet er eit regionalpolitisk samarbeidsnettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Norge, kor fjellområda er ein viktig del av ressursgrunnlaget og ein føresetnad for næringstilpassing, kultur og livsvilkår.
Fjellregionsamarbeidet skal vera ein pådrivar for å skapa en ny fjellpolitikk i Norge, og ein medspelar i norsk regionalpolitikk
Arbeidsutval:
Svein Borkhus, leiar, Hedmark fylkeskommune
Arne Vinje, nestleiar, Telemarksregionar/kommunar
Tor Bremer til ca. 01.10.09, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Jenny Følling frå ca. 01.10.09, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Lars Bjaadal, Telemark fylkeskommune
Magne Pedersen, Buskerud fylkeskommune
Kjetil Lundemoen, Oppland fylkeskommune
Olaug Grønseth Granli, Buskerudregionar/kommunar
Eivind Brenna, Opplandsregionar/kommunar
Olov Grøtting, Hedmarksregionar/kommunar
Tor Bremer frå Sogn og Fjordane vart vald inn på Stortinget i 2009. Han sa da frå seg vervet som medlem i Rådet og Arbeidsutvalet til Fjellregionsamarbeidet. Jenny Følling var hans vararepresentant, og ho har trådt inn som ny medlem i Arbeidsutvalet.
Arbeidsutvalet har hatt tre møte dette arbeidsåret. Møta blir arrangerte i Oslo, da dette er mest praktisk i høve til reiseavstandane.
Sekretariat:
Rådsmøtet vedtok i juni 2009 at stillingsressursen for fjellregionsamarbeidet skulle aukast til 100 % frå hausten 2009. Hedmark fylkeskommune som har ansvaret for hovudsekretariatet, har difor tilsett ein ny medarbeidar i eit eittårig engasjement for å følgje opp dette. Sekretariatet er lagt til Eininga for næring og nyskaping, og dekkast av to medarbeidarar som arbeider til saman full stilling på dette området. I tillegg kjem andre tenester, som rekneskapsføring, trykking, IKT-tenester m.m. Arkivet for Fjellregionsamarbeidet er nå digitalisert, slik at det enkelt kan førast vidare til dei som seinare får hovudsekretariatet.
Kontaktpersonane i administrasjonane i fylkeskommunane fungerer som eit felles sekretariat, i tillegg til den ressursen som hovedsekretariatet i Hedmark har. Det meste av kontakten skjer via epost og telefon. Det vart arrangert eit felles møte for heile sekretariatet i desember, der også representantar for medlemskommunane Tinn og Vinje deltok.
Årskonferansen og Rådsmøtet 2009:
Årskonferansen med Rådsmøtet vart arrangert på Savalen i Tynset kommune, Fjellregionen, 3.-5. juni. Dei om lag 60 deltakarane, som kom frå alle delar av fjellregionane, opplevde ein bra konferanse med allsidige foredrag. Statssekretær Dag Henrik Sandbakken frå Kommunal- og regionaldepartementet kom for å orientere om distrikts- og regionalmeldinga. I denne meldinga er fjellregionane, etter innspel frå Fjellregionsamarbeidet, for fyrste gong via eigen plass.
Deltakinga på Rådsmøtet var også god, med 15 personar med stemmerett til stades, i tillegg til mange tilhøyrarar. Det var aktive diskusjonar og mange innspel, særleg i debatten om fjellpolitikkdokumentet.
European Mountain Convention 2010:
Den største arbeidsoppgåva for sekretariatet dette året er planlegginga av European Mountain Convention (EMC) på Lillehammer 15.-17. september 2010. Dette fører med seg mykje kontakt med Euromontanasekretariatet i Brüssel, mange praktiske oppgåver, og arbeidet med førebuingane er oppe i rundt ei halv stilling bare i Hedmark.
Oppland fylkeskommune er med som teknisk arrangør av konferansen, og også der er det såleis lagt ned ein god del arbeid på førehand. Arbeidsmengda vil auke fram mot konferansen både for Fjellregionsamarbeidet og Oppland FK.
I statsbudsjettet for 2010 har Kommunal- og regionaldepartementet lagt inn eit tilskot på kr 500.000 til EMC, noko som viser at dei statlege myndigheitene både verdsett det arbeidet Fjellregionsamarbeidet gjør med fjellpolitikken, og at dei ser verdien av å arrangere ein så stor konferanse her i landet.
Konferansen blir vidare finansiert av alle dei deltakande fylkeskommunane, i tillegg til noko eigenbetaling frå deltakarane og at Fjellregionsamarbeidet sjølv har sett av kr 500.000.
Fram til nå er det gjort følgjande:
- Finansieringa er i orden i henhald til budsjettet
- Program/foredragshaldarar er under arbeid, i samarbeid med Euromontana
- Avklaring av dei praktiske tinga rundt møtestad, møterom, overnatting m.m.
- Avtaler om tolking er gjort. Språka på konferansen blir engelsk, fransk og norsk
- Studieturane er under planlegging
- Utarbeiding av materiell til konferansen er starta opp i samarbeid med Euromontana
- Samarbeidet med Euromontana er arbeidskrevjande, med mykje kontakt på epost og telefon. Det er også gjennomført tre telefon-/videomøte
Definisjon av omgrepet ”Fjellregionane”
På Årskonferansen utfordra statssekretæren i KRD Dag Henrik Sandbakken Fjellregionsamarbeidet på å definere kva som kjenneteiknar fjellregionane i høve til andre distrikt, for med bakgrunn i dette å kunna definere klarare kva for område som treng spesielle verkemiddel, og kva for verkemiddel som bør nyttast i desse områda.
Arbeidsutvalet vedtok med bakgrunn i dette at ein ville be eit forskingsmiljø om å utarbeide eit forprosjekt for å få fram ein slik definisjon. Etter at vedtaket vart gjort vart det klart at Kommunal- og regionaldepartementet sjølv vil setja i gang eit slikt arbeid, og dei har lyst ut eit stort prosjekt som tar sikte på nettopp å definere desse særprega og kva for område dei omfattar. Fjellregionsamarbeidet er invitert inn i ei referansegruppe, og Arbeidsutvalet vedtok at Kjetil Lundemoen skal representere FRS i denne gruppa. Med bakgrunn i dette avventar difor FRS å setja i gang eit eige definisjonsarbeid.
Nye medlemar
Krødsherad kommune i Buskerud og Hjartdal kommune i Telemark har i 2009 vedtatt å melde seg inn i Fjellregionsamarbeidet. Det formelle opptaket blir gjort av Rådsmøtet.
”Norsk Fjellpolitikk”
Dokumentet ”Norsk Fjellpolitikk” vart utarbeidd før Rådsmøtet i 2009 og drøfta der, på bakgrunn av dei høyringsuttalene som kom inn. Det var brei semje om at det må skje ei spissing og prioritering av kva Fjellregionsamarbeidet skal arbeide vidare med. Førebels er det gjort lite med dette, da AU fyrst vil definere kva fjellregionomgrepet omfattar (sjå over).
Konferanse om norsk landbrukspolitikk på Lillehammer 9.-10. mars
Bioforsk tok initiativet til ein stor konferanse om utviklinga av norsk landbrukspolitikk med fokus på fjellbygdene, og med basis i den globale utviklinga innan matforsyning og klima. Fjellregionsamarbeidet vart bedt om å vera medarrangør, og stilte opp som samtalepartnar og marknadsførte arrangementet overfor medlemmane. Representantar frå AU og sekretariat var også aktivt med i avviklinga av konferansen.
Seminaret vurderast som vellykka, med bra påmelding med rundt 60 deltakarar, gode innlegg, og stort engasjement rundt paneldebatt, i spørsmålsstilling og i alle pauser. Deltakarane kom frå store delar av fjellregionane, frå Telemark i sør til Sogn og Fjordane i vest og Nord-Østerdalen i nord/aust.
Samarbeidspartnarar
Norges Fjellstyresamband er interesseorganisasjon for dei 94 fjellstyra i Norge.
Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) tar vare på medlemskommunane sine interesser i utmarksspørsmål. Dei har sitt landsmøte 15.-16. april, og leiar for FRS Svein Borkhus kjem til å delta. FRS sin nestleiar Arne Vinje sit også i landsstyret for USS.
Bioforsk har deltatt på møte i Arbeidsutvalet for å gi innspel til arbeidet med definisjon av fjellregionomgrepet.
Fleire representantar frå Fjellregionsamarbeidet deltok på Tankesmia som Bioforsk arrangerte på Fagernes 2. november, med tema ny fjellpolitikk og oppfølging av St. meld. nr. 25 (distriktsmeldinga). Tankesmia fokuserte mykje på den framtidige landbrukspolitikken.
Internasjonalt arbeid:
Deltaking på Euromontana sine arrangement
Medlemane i Fjellregionsamarbeidet har vori godt representerte på fleire av Euromontana sine konferansar. Dette gjeld både ein konferanse om landbrukspolitikk i Frankrike tidleg i oktober, ein stor konferanse om dei offentlege goda som fjellregionane produserer i Baskarland midt i oktober, og ein konferanse om mat frå fjellregionane og merking av denne i Slovenia i desember.
Ny styremedlem i Euromontana
Tor Bremer frå Sogn og Fjordane har vori styremedlem i Euromontana i fleire år, men sa frå seg også dette vervet da han vart vald inn på Stortinget. På Euromontana sin Generalforsamling i oktober skulle det difor gjørast eit suppleringsval. Da spørsmålet om kven som skulle erstatte Bremer ikkje var diskutert blant dei norske medlemane på førehand, vart det reist spørsmål ved om Sogn og Fjordane automatisk skulle få denne styreplassen, eller om det kunne vera aktuelt for andre av medlemane å få inn ein styremedlem. Leiinga i Euromontana utsette da valet av ny styremedlem, og ba om at dei norske medlemane vart samde om kven som skulle erstatte Bremer.
Arbeidsutvalet handsama spørsmålet i møte i november, og gikk inn for at Olov Grøtting frå Fjellregionen (Nord-Østerdal og Røros) skulle komma inn som styremedlem. Dette vart deretter godkjent av styret i Euromontana på møte i desember.
PADIMA
Samarbeidet i Euromontana har lagt grunnlaget for oppstarten av PADIMA-prosjektet. To av FRS sine medlemar (Buskerud og Hedmark) og fleire andre regionar i Europa deltar i dette samarbeidsprosjektet gjennom Interreg IVC-programmet. Prosjektet starta opp i januar 2010 og skal gå ut 2012. Hovedmålsetjinga er å betre den delen av regionalpolitikken som skal resultere i ulike tiltak for å øke folketallet i fjellregionene. Buskerud skal saman med regionen Torino i Italia arbeide med problemstillingar knytta til utdanning, medan Hedmark i samarbeid med Dalarna i Sverige vil ha spesielt fokus på territoriell marknadsføring, dvs. ulike tilflyttingsprosjekt.
Profilering
Arbeidsutvalet har bedt sekretariatet om å prioritere arbeidet med Fjellregionsamarbeidet si heimeside. Det er difor gjort mykje med denne, både i grunnlaget for sida og med å legga ut fleire nye artiklar enn tidlegare.
Det er ikkje tidlegare gjort noko formelt vedtak om kva for ein logo Fjellregionsamarbeidet offisielt skal bruke. I arbeidet fram mot European Mountain Convention kom det spørsmål om kva for ein logo som skal brukast i marknadsføringa. Det viste seg at Sogn og Fjordane i sitt designprogram har element som er så like med dei FRS brukte i sine brosjyrer at dei ikkje ønskjer at FRS framleis brukar dette visuelle elementet (grøn bølgjestrek med stiliserte menneske). Arbeidet med å laga ein ny logo er sett i gang.
I samband med European Mountain Convention må det lagast meir informasjonsmateriell om Fjellregionsamarbeidet, både banner, roll ups og brosjyrar. Dette arbeidet er starta opp.
Framtida:
Arbeidet med EMC vil ta det meste av tida fram til oktober.
Dette arrangementet må brukast som eit grunnlag å få fleire interessert i arbeidet FRS gjør.
Det bør arbeidast vidare med medlemsverving, for å få med fleire enkeltkommunar, regionråd og fylkeskommunar.
FRS må engasjere seg i høve til det definisjonsarbeidet KRD har starta om fjellregionane. Dersom det verkar naudsynt, må også FRS gjennomføre sine eigne utreiingar knytt til dette spørsmålet.
Når definisjonen av fjellregionane er på plass, må FRS bli meir aktive i høve til kva for politiske tiltak som bør gjennomførast i regionane, og det utarbeidde Fjellpolitikkdokumentet må følgjast opp.
FRS må også gå aktivt inn i diskusjonane rundt den nye stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken, og komma med eit innspel om den framtidige landbrukspolitikken i fjellområda.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

