FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Vellykka møte for det nye rådet i Fjellregionsamarbeidet

Torunn H. Kornstad     13.03.12

Torsdag 16. februar var det nye Rådet for Fjellregionsamarbeidet samla for fyrste gong. Ei særs viktig sak var å velja nytt styre for samarbeidet, og Gro Lundby frå Oppland fylkeskommune vart vald til ny leiar. I tillegg til årsmøtesaker kom statssekretær Tvinnereim frå KRD. Ho orienterte om den nye distriktsmeldinga, og fekk med innspel om fjellpolitiske tiltak tilbake.

image

Leiar Svein Borkhus kunne ønskje vel 20 rådsmedlamar, styremedlemar og administrative kontakter velkomne til møte i Oslo. Det er kanskje ironisk at møtet var lagt til hovudstaden - men vinterstid blir det for tidkrevjande å ha felles møte i ein fjellregion. Det var likevel mange som hadde reist langt; deltakarane var komne frå Lesja og Folldal i nord til Luster i vest og Hjartdal i sør. Svært mange av medlemane i det nye Rådet for Fjellregionsamarbeidet er nye i denne fjellpolitiske samanhengen. Leiar Svein Borkhus åpna difor møtet med ein presentasjon av Fjellregionsamarbeidetog arbeidet der, før deltakarane presenterte seg for einannan.

Etter ein kort oppstart med ordinære årsmøtesaker kom ein delegasjon frå Kommunal- og regionaldepartementet. Statssekretær Anne Beathe Tvinnereim orienterte om arbeidet med den nye regional- og distriktsmeldinga, og ho poengterte at det også denne gongen vil bli eit eige kapittel om fjellområda i Sør-Noreg. Ho ville derimot ikkje lova nokre eigne tiltak for fjellområda, da ho viste til ØF-rapporten om avgrensing av fjellområda og kva som kjenneteiknar desse. Ettersom det i rapporten er konkludert med at fjellområda ikkje skil seg vesentleg frå andre distrikt, meiner KRD at dei ordinære distriktspolitiske tiltaka også er virkemiddel gode nok for fjellområda.

Tvinnereim og KRD viste eit stort engasjement, og ba fleire gongar om konkrete tilbakemeldingar i høve til arbeidet med stortingsmeldinga - som ho gjerne kalte “distriktsmeldinga”, noko salen sette pris på. Tvinnereim var svært opptatt av at statlege arbeidsplassar bør flyttast ut, og at det blir fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta.Ho ønskte seg ein diskusjon rundt regionforstørringsprinsippet (må det vera eit større senter for å skapa vekst og utvikling i en region?), og ho snakka om dei demografiske utfordringane i fjellområde og andre distrikt. Som løysing på utfordringane såg ho til utnytting av eksisterande ressursar, og nemnte der spesielt mineralressursane. Landbruket må sikrast, og utviklinga i reiselivet er svært viktig. Statssekretæren viste til Bolystprogrammet og meinte at utvikling av attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for utviklinga.

image
Ein engasjert statssekretær Anne Beathe K. Tvinnereim frå KRD.

Det var sett av god tid til innspel, noko deltakarane visste å nytte seg av. Statssekretæren fekk tilbakemeldingar på at det å bruke ordet “kompetansearbeidsplassar” bare om arbeidsplassar med krav om høgare utdanning var feil, og ho lova å sjå på korleis dei kunne formulere dette betre. Fleire var opptatt av moglegheitene knytt til hyttefolk og meir utbygging av hytter, medan bruk/vern, rovdyr og landbruk var tema som vart tatt opp. Meir frå debatten kan du lesa her.

Kva skal Fjellregionsamarbeidet arbeide med i åra framover? Dette vart diskutert da handlingsplanen for 2012-15 vart lagt fram. Mange viktige emne er anten allereie tatt opp og er under arbeid, eller det planleggast å starte med dei. Dette spenner frå oppfølging av arbeidet med stortingsmeldingar, som t.d. landbruks- og distriktsmeldingane, til arbeid med fjellmat og organisering av reiselivet i fjellområda. Arbeidsmåten til Fjellregionsamarbeidet vil variere etter kva type sak det gjeld, men det var i budsjettdiskusjonen etterpå semje om at stillingsressursen i hovudsekretariatet skal aukast frå 100 til 150 %.

Det vart også handsama ei sak som var fremja om små endringar i vedtektene. Endringane omfattar innføring av personlege varamedlemar for styremedlemane, og ei presisering av når Rådet og styret er vedtaksføre.

Etter dette stod val av nytt styre og sekretariatsløysing for tur. Valkomiteen sitt forslag vart vedtatt med ei endring (varamedlem frå Hedmark fylkeskommune), medan det vart vedtatt at sekretariatet - som tidlegare - skal lokaliserast hos medlemsorganisasjonen der leiaren kjem frå. Den nye leiaren Gro Lundby frå Oppland vart vald med akklamasjon. Arne Vinje frå Vinje kommune vart attvald som nestleiar. Den nye leiaren får med seg bare menn i styret, noko som skuldast medlemane sine val av representantar til Rådet og kven som skal sitja i styret. Dei fleste i styret er nye, med unnatak av nemnte Vinje og avtroppande leiar Svein Borkhus frå Hedmark, som nå skal representere Fjellregionen (Nord-Østerdal/Røros).

Styret i Fjellregionsamarbeidet er etter valet:

Tor Grøthe (Frp) frå Buskerud FK, med vara Solveig Håtveit Markegård (KrF).
Dag Rønning (Sp) frå Hedmark FK, med vara Torill Tjeldnes (Ap).
Gro Lundby (Ap) frå Oppland FK med vara Kjetil Lundemoen (Ap).
Anders Ryssdal (Sp) frå Sogn og Fjordane FK med vara Eva Hage Solstad (Ap).
Jørund A. Ruud (Ap) frå Telemark FK med vara Beate Marie Dahl Eide (Sp).
Svein Borkhus (Ap) frå Fjellregionen/Hedmark med vara Bengt Fasteraune (Sp) frå Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.
Kjell Berge Melbybråten (Ap) frå Valdres/Oppland med vara Ivar Brevik (Sp) frå Regionrådet i Hallingdal
Dag Lislien (Sp) frå Rollag/Buskerud med vara Steinar Bergsland (H) frå Tinn
Arne Vinje (SV) frå Vinje/Telemark med vara Sven Tore Løkslid (Ap) frå Hjartdal

image
Dei frå det nye styret som var på Rådsmøtet.
Frå venstre: Svein Borkhus, Fjellregionen, Kjell Berge Melbybråten,
Valdres, den nye leiaren Gro Lundby, Oppland, Tor Grøthe, Buskerud,
Dag Lislien, Rollag og Dag Rønning, Hedmark.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes