Forside » Arbeidsområder »
Velkomen til Rådsmøte og Årskonferanse på Geilo 14. april
Tekst, og foto frå Savalen: Torunn H. Kornstad Foto frå Skurdalen: Bente Bjerknes, Buskerud fylkeskommune
14.04.10
Fjellregionsamarbeidet sitt årlege rådsmøte blir arrangert på Geilo 14. april. Møtet blir kombinert med ein konferanse der temaet er busetting i fjellregionane. Kjetil Sørlie frå NIBR vil sjå på folketalsutviklinga i fjellkommunane i vårt område, Asgeir Skålholt frå Østlandsforskning vil snakke om kvifor ungdomen ikkje flytter heim når dei seier at dei vil - og vi får gode døme på korleis vi kan gjøra fjellkommunane meir attraktive.
![]()
Bilete frå Skurdalen i Hol.
Arrangementet vil foregå på Thon Hotell Highland på Geilo i Hol kommune. Konferansen startar på morgonen, så vi reknar med at dei fleste vil komma på kvelden tysdag 13. og eta middag, som Fjellregionsamarbeidet spanderer. Rådsmøtet startar etter lunsj og avsluttast på ettermiddagen. Viktige saker på Rådsmøtet vil vera val av leiar og nestleiar i Arbeidsutvalet, mogleg revidering av retningslinene og orientering om European Mountain Convention som vi arrangerer i samarbeid med Euromontana på Lillehammer 15.-17. september. Det er Rådsmøtet som tar opp nye medlemmar, og sia det førre rådsmøtet har Hjartdal og Krødsherad kommunar vedtatt å melde seg inn. Vi håpar også fleire kommunar og regionråd vil melde seg inn før møtet!
Programmet for Årskonferansen og Rådsmøtet finn du her
Du kan melde deg på her innan 25. mars.
Velkomne til Geilo!
Deltakarar på Rådsmøtet på Savalen, 2009.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

