Forside » Arbeidsområder »
Velkomen til Rådsmøte 16. februar
Torunn H. Kornstad 02.02.12
Torsdag 16. februar møtest det nye Rådet for Fjellregionsamarbeidet til sitt fyrste møte. Ei svært viktig sak på møtet er val av nytt styre for samarbeidet. I tillegg til vanlege årsmøtesaker kjem statssekretær Anne Beathe K. Tvinnereim frå Kommunal- og Regionaldepartementet for å orientere om arbeidet med ny regional- og distriktsmelding, og ta i mot innspel til denne.

Denne gongen er Rådsmøtet lagt til Oslo, på Bristol Hotell - da dette er eit dagmøte vinterstid er det enklast å ha møtet i hovudstaden. Den meir omfattande Årskonferansen blir arrangert i Morgedal 9.-11. mai, og meir informasjon om denne kjem snart.
Rådsmøtet startar 10.15, med tilbod om matservering i forkant. Det blir vanlege årsmøtesaker fram til kl. 11, da statssekretær Tvinnereim innleiar til diskusjon og innspel til den nye regional- og distriktsmeldinga. I den førre meldinga fekk fjellområda eit eige kapittel, og i etterkant av dette har Østlandsforsking laga ein rapport der fjellområda i Sør-Noreg har fått ei avgrensing. Stortingsmeldinga og rapporten er ikkje følgde opp med politiske tiltak, og Rådsmøtet vil vera ein arena for å konkretisere forslag om dette.
Etter lunsj held årsmøtesakene fram, med val av nytt styre som avslutning. Det er foreslått endringar i vedtektene slik at det blir vald personlege vararepresentantar for styremedlemane, noko ein ikkje har pr. i dag.
Heile dagsorden for møtet finn du her. Saksgrunnlaget for møtet kan du laste ned her.
Årsmelding for 2011 og forslag til handlingsplan 2012-15 er også sendt ut før møtet.
Bilete frå Årskonferansen i Lom 2011.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

