FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Vi ønskjer Hjartdal kommune velkomen i Fjellregionsamarbeidet

Tekst: Anne Bamle/Torunn H. Kornstad Bilete: Torunn H. Kornstad

    03.08.10

Hjartdal kommune i Telemark vedtok i fjor å melde seg inn i Fjellregionsamarbeidet, og vart formelt tatt opp som medlem i organisasjonen på Rådsmøtet i april saman med Krødsherad kommune. Vi ønskjer begge kommunane velkomne som medlemar! Vi vil her presentere Hjartdal litt nærare, medan Krødsherad er presentert i ein tidlegare artikkel

image
Frå Bjårvatnet i Tuddal

Hjartdal er ein spennande kommune i hjartet av Telemark – berre 13 mil frå hovudstaden. Gjennom eit stort skog- og fjellandskap går to dalføre. I det eine ligg Hjartdal og Sauland, i det andre ligg Tuddal – alle typiske landbruksbygder. Kommunesenteret ligg i Sauland. Biologisk mangfald og stolte tradisjonar har gjort sitt til å oppretthalde eit særmerkt kulturlandskap prega av vakker natur og ein velhalden bygningsarv. Dette gjer Hjartdal til ein kommune av både nasjonal og internasjonal interesse.

”Bygder med fortid og framtid” er slagordet til Hjartdal Kommune. Fortida ber med seg segner og rike tradisjonar knytt til handverk og ulike kunstformer. Framtida ber med seg nye moglegheiter for næringsverksemd, både innan primærnæringane og for andre område.

Hyttebygging gir grunnlag for reiseliv og turisme i kommunen. Andre næringar i kommunen er varehandel, kafe/servering, kraftproduksjon, bank og kommunal tenesteyting. Turismen har stor verdi i fjellbygdene, med bl.a. hyttebusetnad. Særleg Tuddal har lange tradisjonar innanfor turistnæringa. Nabokommunen til Hjartdal i nord er Tinn, som også er medlem i Fjellregionsamarbeidet. På fjellovergangen mellom Tuddal og Tinn ligg den mest brukte ruta opp til Gaustatoppen.

Hjartdal tilhøyrer samarbeidsregionen som heiter Kongsbergregionen. Her er 50 000 innbyggjarar, og regionen har mange spennande stader og moglegheiter for gode opplevingar. Det er to gode høgskular, eit breitt tilbod av vidaregåande skuletilbod og eit variert næringsliv innanfor både service, handel og industri.

image
Utsyn frå Gausta mot fjellområde i Hjartdal




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes