FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Uttale frå styret i Fjellregionsamarbeidet til landbruks- og matmeldinga

Torunn H. Kornstad     03.02.12

Styret i Fjellregionsamarbeidet vedtok i sist møte ein uttale til stortingsmeldinga om landbruk og mat. Styret gikk her inn på dei områda som er viktigast for fjellområda og fjellandbruket, og ser svært positivt på at regjeringa i meldinga seier at fjellandbruket skal styrkast.

image

Positive signal frå regjeringa
Det er positivt at regjeringa vil auke matproduksjonen i Noreg, og at auken skal skje på ein slik måte at det ikkje blir konflikt mellom dette og det å styrke landbruket i område med vanskelegare produksjonstilhøve enn på flatbygdene. I ei verd med stort behov for auke i matproduksjonen etterlysast likevel eit meir ambisiøst mål: Å auke sjølvforsyningsgraden av landbasert produksjon. Sett i høve til spørsmåla rundt mattryggleik og tilgang på mat i ein krisesituasjon, så meiner styret at regjeringa også bør ha eit mål om auka sjølvforsyningsgrad.

For mattryggleiken er det avgjørande at det over heile landet er ein infrastruktur i form av aktive gardsbruk som er i stand til å utnytte dei rike, men spreidde ressursane i inn- og utmark. Landbrukspolitikken må difor leggja opp til å styrke bruksstrukturen i fjellbygdene, der talet på gardar i drift og med fast busetnad mange stader er under den kritiske massen.

For å styrke fjellandbruket varslar regjeringa at distrikts- og strukturprofil skal gjørast tydelegare. At investeringstilskotet blir skattefritt i det distriktspolitiske virkeområdet vil også styrke økonomien. Styret meiner at det er viktig for fjellandbruket at det blir gjennomført forskingsprosjekt som viser dei fortrinna produkt produsert i fjellområda har. Ei avvikling av produksjonskravet for kulturlandskapstilskotet vil kunna få positive verknader for fjellbygdene, da dette kan gjøra at meir av kulturlandskapet vil haldast i hevd.

Dei viktigaste næringane i fjellandbruket er dei grovforbaserte beitenæringane, og styret legg vekt på at tilskotspolitikken må bygge opp under desse. Delar av fjellområda har mykje rovdyr, og styret poengterer at rovdyrforliket må følgjast opp slik at det skal vera mogleg å drive beitebruk utan fare for større rovdyrangrep i dei prioriterte beiteområda.

image

Tilleggsnæring og foredling i distrikta
For å styrke fjellandbruket legg regjeringa vekt på at alle ressursar på gardane skal takast i bruk. Det blir i meldinga peika på at tilleggsnæringar til nå ikkje har gitt noko stort bidrag til familieøkonomien på gardane, og styret synest ikkje det er gjort godt nok greie for kva som kan endre på dette. På einskildbruk vil det sjølvsagt vera mogleg å utvikle tilleggsnæring som gir gode inntekter. Det manglar likevel ein analyse av kva for marknad det er mogleg å nå i fjellbygdene. Dette er vesentleg for å kunna nå målet om ei betre utnytting av ressursane på gardane for å få høgare total inntekt.

Fjellregionsamarbeidet har ved fleire høve engasjert seg i spørsmål om nedlegging av foredlingsanlegg i fjellbygdene. Meldinga peikar på at samvirket har ansvar for marknadsregulering og som avtakar av råvarer. Meldinga gjev ikkje samvirket ansvaret for å sørgje for at noko av verdiskapinga frå vidareforedlinga av råstoffet blir lagt til områda der råstoffet blir produsert. Dette er i staden gjort til ei sak for småskalaprodusentar. Styret vil peike på at distrikta på denne måten legg grunnlaget for mykje verdiskaping i dei sentrale regionane i landet. Dette tappar distrikta for arbeidsplassar, og den mest lønsame delen av verdikjeden blir lokalisert til sentrale område.

Rekruttering
Rekruttering er eit viktig punkt i meldinga, og regjeringa peiker på at fylkesoverskridande samarbeid i mange høve kan vera ein føresetnad for å få gode regionale utdanningstilbod. For å få til slike samarbeidsordningar meiner styret det kan vera naudsynt at staten også bidreg økonomisk, da det kan vera økonomisk lite lønsamt å sende elevar til nabofylket.

Heile uttalen kan du lesa her.

image
Styret og administrative kontaktpersonar i Fjellregionsamarbeidet i møte 20. januar 2012.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes