Forside » Arbeidsområder »
Stor interesse for fjellpolitisk konferanse i Lom
Torunn H. Kornstad 10.05.11
Torsdag 12. og fredag 13. mai samlar Fjellregionsamarbeidet 70 deltakarar frå fjellregionane i Sør-Noreg på Fjellmuseet i Lom for å diskutere fjellpolitikk. Tema er bygdeutvikling nær villreinområda, naturbruksutdanning i fjellregionane, og marknadsføring av reiselivet.
Statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet og politisk rådgjevar Anja Hjelseth frå Kommunal- og regionaldepartementet vil begge utdjupe problemstillingar rundt korleis næringsutvikling kan skje nær verneområde. Rundt villreinområda i Sør-Noreg er det i gang arbeid med regionale planar, og dette er difor utgangspunktet for denne diskusjonen. Prosjektleiar Ellen Korvald vil konkret ta for seg korleis bygdeutviklingsperspektivet er tatt inn i planforslaget for Hardangervidda, som akkurat har vori på høyring. Det er forventa stort engasjement frå deltakarane i debatten etter desse innlegga.
Eit anna emne som engasjerer mange i fjellregionane er tilbodet innan naturbruksutdanning. I Nord-Gudbrandsdal vart Klones vidaregåande skule lagt ned for nokre år sia, og det er også andre fylke som kan oppleva at dette tilbodet blir borte frå fjellregionane. Ved både Ål og Storsteigen vidaregåande skular ønskjer dei å satse på naturbruksutdanninga, og rektorane ved dei to skulane vil saman formidle korleis dette kan gjørast i framtida.
Korleis kan reiselivet i fjellregionane organisere seg for å bli meir synleg i marknadsføringa? Det er gjennomført ei utgreiing om strukturen i reiselivet, og Tore Haug frå NHO Innlandet vil presentere konklusjonane frå denne. Audun Pettersen frå hovudkontoret til Innovasjon Norge vil seia korleis dei ser på reiselivet i fjellområda i Sør-Noreg, og Kristian Jørgensen vil presentere Fjord Norge – eit samarbeid om å marknadsføre fjordane på Vestlandet i utlandet.
Oppland fylkeskommune har lansert omgrepet “FjellNorge”, og reiselivsrådgjevar Liv Bjerke vil fortelja korleis dette kan blir ein mogleg markanadsføringskanal for reiselivet i fjellområda.
Fredag 13. mai blir det fyrst ein kort diskusjon om oppbygging av eit mat- og reiselivsnettverk mellom norske fjellregionar og Bayern. Dette blir presentert av Landbruks- og matdepartementet.
Lom er peika ut som nasjonalparklandsby, og etter at det faglege programmet er gjennomført inviterer ordførar Simen Bjørgen til vandring gjennom tettstaden. Konferansen går av stabelen på Fjellmuseet, medan overnatting og festmiddag skjer på Fossheim Hotell.
Rådsmøtet til Fjellregionsamarbeidet avsluttar arrangementet. Det blir her ei orientering om den store European Mountain Convention som Fjellregionsamarbeidet var medarrangør av, og som vart arrangert på Lillehammer sist haust med stor innsats frå medlemane i samarbeidet. Ei viktig sak på møtet er nye vedtekter for samarbeidet, og det blir også lagt fram forslag til uttale frå Fjellregionsamarbeidet om bygdeutvikling rundt fjellområda.
Velkomen til Lom!
Programmet for konferansen finn du her. Konferansen blir arrangert på Norsk Fjellmuseum.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

