FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Sterkt engasjement for arbeidsplassar i fjellbygdene

Torunn H. Kornstad     07.09.11

Rundt hundre personar frå heile Valdres møtte opp på Vaset for å diskutere bygdeutvikling knytt til lokal foredling av råstoff i bygda. Temaet var spissformulert til “Tyder fjellbygdene noko for Noreg?” I tillegg til at mange bygdefolk kom for å svara på dette, hadde arrangørane i Valdres Natur- og kulturpark samla eit panel med nærings- og andre politikarar frå lokalt, fylkes- og nasjonalt nivå, med statssekretæren frå LMD i spissen.

image
I panelet (frå venstre): Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre,
statssekretær Ola T. Heggem, LMD, leiar i Oppland Senterparti Ivar Odnes,
ordførar i Øystre Slidre Gro Lundby, leiar i Oppland Høgre Lars Elsrud,
leiar i Oppland Bondelag Trond Ellingsbø (delvis skjult),
leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Ann Merete Furuberg.
Utanfor bildet: Stortingsrepresentant for Oppland AP Torstein Rudihagen

Bakgrunnen for møtet var TINE sitt forslag om å flytte ferskvareproduksjonen frå meieriet i Valdres til anlegget i Oslo. Dette var likevel ikkje einetema på møte - fordi statssekretær Ola T. Heggem ikkje ville blande seg direkte inn i dei bedriftsinterne avgjerdene i TINE. Men forslaget om å flytte lokal foredling - og dermed det meste av verdiskapinga - av mjølk frå mjølkeproduksjonsregionen Valdres til det mest sentrale området av landet, låg som eit tungt bakteppe for møtet og innlegga.

Sjølv om Landbruks- og matdepartementet ikkje vil blande seg inn i slike avgjerder, seier likevel styremedlem i Fjellregionsamarbeidet og ordførar i Vestre Slidre Eivind Brenna seg nøgd med møtet. Han legg vekt på at med uttalene frå politikarane på møtet, har Valdres nå fått eit politisk press bak det å halde arbeidsplassane i regionen. Sjølv om statssekretæren ikkje ville meine noko om denne saka, poengterte han likevel at det her ikkje var “bygd mot bygd” slik det ofte har vori i tidlegare meieridiskusjonar - men periferi mot sentrum. Andre av politikarane var tydeleg engasjerte i spørsmålet. Fylkesleiar i Ivar Odnes i Senterpartiet hadde møtt leiinga i TINE og refererte til det han kalla “andre signal” frå dette møtet - utan at han var meir konkret om kva dette kunne tyde.

Brenna var også svært nøgd med oppmøtet og det store engasjementet i salen. Folk hadde kommi frå alle bygdene i Valdres, da arbeidsplassar og lokal foredling av råvarene som blir produserte i regionen, er ei særs viktig problemstilling. Meieriet på Fosheim er ein hjørnesteinsbedrift i Valdressamfunnet. Dersom TINE sitt forslag om å flytta ferskvareproduksjonen går gjennom, vil 42 arbeidsplassar forsvinne i fyrste omgang - men dei fleste fryktar at dette vil føre til nedlegging av heile meieriet med om lag 100 tilsette.

Statssekretær i LMD Ola T. Heggem og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Ann Merete Furuberg innleia møtet. Heggem la vekt på at jordbruksavtalane hadde gitt ei positiv utvikling for landbruket under den raud-grøne regjeringa - men samstundes såg han at utviklinga i mange bygder er urovekkande, med stadig færre bruk i drift. Han poengterte at departementet aldri snakkar om billeg mat, men om “nok” og “trygg” mat. Han kom også inn på rovdyrforliket, og la til grunn at dette vil redusere konfliktnivået rundt rovdyrforvaltinga.

Furuberg frå Småbrukarlaget viste til at vi i Noreg legg beslag på 2,5 mill daa jord i andre land, m.a. for å produsere fór til kvitt kjøt. Dette skjer medan vi har svært mykje unytta beiteressursar. Ho fortalte også at så langt ho har funni ut, så er det ikkje noko anna land i verda som har så lite jordbruksareal per innbyggar.

image
Ein del av dei mange engasjerte møtedeltakarane, som kom frå heile Valdres.

Etter ei triveleg kaffepause innleia Aslag Hamre, som arbeider med dei regionale bygdeutviklingsmidla for Valdres, til debatt. Som eit apropos til hovedtemaet om kva fjellbygdene tyder for Noreg ville han også ha fokus på kva bygdene ønskjer å vera for storsamfunnet. Bygdene leverer til storsamfunnet - skal vi etter kvart gje frå oss all foredlinga, slik at vi bare blir ein råvareleverandør?

Paneldeltakarane fekk komma med sine synspunkt før salen slapp til. Diskusjonen var mangfaldig, og mange viktige tema vart tatt opp i tillegg til trugsmålet om meierinedlegging. Det vanskelege spørsmålet om ei todeling av landbrukspolitikken hadde både ivrige tilhengarar og motstandarar. Tilhengarane viste til landbruket i Sveits og Austerrike, der dei i fjellområda får tilskot til å drive små bruk for å oppretthalde kulturlandskap og gamle driftsformer. Dei som er mot dette meinte derimot at for å gjennomføre todelinga vil ein måtta omfordele pengar frå dei som driv landbruk i område med betre produksjonsvilkår, og syntest ikkje dette var rett. Heggem sa i si innleiing at LMD vil vurdere ei sterkare differensiering av verkemidla i den nye landbruks- og matmeldinga - som han hevda vil komma i haust.

Diskusjonen om kvitt kontra raudt kjøt skapte også engasjement. Heggem meinte at marknaden styrer dette, og ettersom etterspurnaden etter kvitt kjøt hadde auka så mykje, så var det betre at kyllingane vart produserte i Noreg på importert kraftfor framfor at vi skulle importere kjøtet. I tillegg sa han at kosthaldsråda går i favør av kvitt kjøt, og at beitedyra slepp ut klimagassar. Samstundes la han vekt på at regjeringa hadde prioritert grovforbasert husdyrhald i dei siste jordbruksavtalene.

image
Eivind Brenna og statssekretær Heggem koser seg med raudt kjøt på stølsbesøk før møtet.

Eit anna tilhøve som skapte debatt var produksjonsutjamningsordninga i meierisektoren. Stortinget bestemte for nokre år sidan at meieria utanfor samvirket skal få eit tilskot per mjølkeliter for at det skal vera konkurranse i marknaden og fleire norske tilbydarar av meieriprodukt. Samstundes vart tilskota til små meierianlegg borte. Tilskotet blir henta i marknaden. Heggem meinte at dette var det verdt for å få ro i meierisektoren, medan leiar i Oppland Bondelag Trond Ellingsbø meinte at samvirket var dei einaste som var “dømt til å halde liv i konkurrenten”. Det kom forslag frå salen om at eit slikt tilskot også burde kunna tildelast små anlegg som Fosheim, men Heggem var i avslutninga si heilt klar på at staten ikkje vil gi eit årleg tilskot på 11 millionar til Fosheim når TINE har eit årleg overskot på ein milliard.

Valdres er ein viktig mjølkeproduksjonsregion, og enda viktigare fordi det her framleis er levande stølsdrift. I Vestre Slidre er det t.d. 72 mjølkeprodusentar, og 63 av desse er på stølen om somrane. Heggem stilte spørsmål om næringsverdien i mjølk og andre landbruksprodukt produserte på fjellet er annleis og betre. Hanne Sickel frå Bioforsk Aust Løken kunne stadfeste dette. Mjølk frå fjellet har ein større del sunne, umetta feittsyrer, og meir vitamin E. Høgda over havet har også positiv innverknad. Sickel meinte at det burde kunna produserast ei Premium-stølsmjølk om sommaren, men også ei fjellbygdsmjølk om vinteren. Det vart vist fram ein mjølkekartong med “setermjølk” som vart produsert av TINE Fosheim i 1999 - så det er mogleg.

image
Varaordførar i Nord-Aurdal Svein Erik Hilmen syner fram
setermjølkkartongen frå ein tidlegare produksjon.

I samband med den levande stølstradisjonen, poengterte ordførar i Øystre Slidre Gro Lundby at ho skal få til eit stølssenter i Valdres. Som mogleg ny fylkesordførar i Oppland blir det spennande å sjå korleis det går med desse planane, som kan bli ein realitet anten på Beitostølen, eller knytta til Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Av dei mange innspela frå salen kan ein også nemne spørsmålet om auka avløysartilskot, den vanskelege økonomien i sauehaldet, problemet med lønsemda på mindre bruk, som det er flest av i Valdres, og eit forslag om meir langsiktige jordbruksavtaler. Alt dette er viktige spørsmål som ein får rekne med at statssekretæren tok med seg tilbake til departementet.

Ordførar Eivind Brenna oppsummerte møtet med å spørja kva vi gjør vidare. Han ga ansvaret til BU-styret i Valdres, som må arbeide enda sterkare med ein prosess for å skapa meir lokal foredling og dermed verdiskaping. I høve til Fosheimsaka kom han inn på kven som har tatt vare på samfunnsansvaret. Han meinte at dei tilsette på Fosheim i høgste grad hadde gjort det, at produsentlaga i Valdres gjennom å gå inn for å bevare Fosheim istadenfor å få nokre ekstra kroner også hadde gjort det. Da meinte han at det er styret i TINE som har det endelege samfunnsansvaret, og med dette sendte han møtedeltakarane heim etter ein god diskusjonskveld. Medan paneldeltakarene sjølvsagt fekk med seg rakfisk frå Valdres heim!

image
Vi håpar at TINE framleis har glaset på gløtt for ei løysing som inneber fortsett meieridrift i Valdres
- ein region der mjølkeproduksjonen står sterkt og stølsdrifta framleis er levande.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes