Forside » Arbeidsområder »
Statsråd Navarsete med sterkt engasjement for fjellregionane
Torunn H. Kornstad 24.09.10
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var ein av mange innleiarar som gløda for fjellregionane, og for innovasjon som verkemiddel for utvikling, på Euromontana sin konferanse på Lillehammer i dag. I plenumssesjonen og dei fire parallellsesjonane var det innleiarar frå heile Europa, og USA med, som delte sine kunnskaper og inspirerte deltakarane.
Statsråd Liv Signe Navarsete blir ønskt velkomen av Euromontanapresident André Marcon
Navarsete åpna sitt innlegg med å fortelja om sitt engasjement for Euromontana og fjellpolitikken da ho var fylkesordførar. Men - som ho sa - ho fekk aldri dra på Euromontanakonferansane, for det gjorde fylkesordføraren! Nå fekk ho endeleg sjansen sjølv, og ho viste i innlegget sitt eit ekte engasjement for fjellregionane, og ei tru på alle moglegheitene fjellområda her. Ho kom likevel ikkje med lovnader om ein eigen fjellpolitikk, slik Fjellregionsamarbeidet arbeider for. Der viste ho til utgreiingsarbeidet som Østlandsforskning har gjort om kva som kan kjenneteikne fjellregionane spesielt, i høve til andre distriktskommunar. Denne rapporten peikar på avstandsulempene som spesielle for fjellkommunane, i tillegg til samferdsel - men at dei elles er nokså like som andre distriktskommunar. Rapporten finn du her.
Konferansen åpna med vakre saksofontonar ved Kristin Sevaldsen før fylkesordførar Audun Tron, president i Euromontana André Marcon og Lillehammerordførar Synnøve Brenden ønskte velkomen til deltakarane. Brenden viste til orda om dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i -94 som var dei beste “..ever”, og ønskte at denne konferansen skulle bli “the best Euromontana conference ever”!
Frå MIT (Massachusetts Institute of Technology) i USA kom José Pacheco for å snakke om deira virke innan innovasjon og entreprenørskap. Universitetet er nesten 150 år gamalt, og dei har undervist i entreprenørskap i over 50 år. Dei har sterkt fokus på å utvikle idéar, men også på kommersialieringsprosessen etterpå. For, som Pacheco sa: Dersom du bare utviklar ein god idé så kan det hende at det ender der, som morsom eller interessant forsking. Det er fyrst når idéen blir kommersialisert at ein kan snakke om ekte innovasjon!
Frå ein av parallellsesjonane, med tema klynger som grunnlag for innovasjon.
Kjell Gunnar Dahle frå Innovativ Fjellturisme heilt til venstre.
Siste del av dagen brukte deltakarane i fire sesjonar, som fokuserte på forskjellige teorier og metoder vi kan bruke i fjellområdene for å stimulere til innovasjon. Etter innleiingane gikk diskusjonane i småsalane før alle kom tilbake for ei oppsummering i plenumssalen.
Samtidig med konferansen blir det arrangert ei utstilling som skal vise fram fjellregionane, alt det positive dei bidrar med innan t.d. reiseliv og matproduksjon, men også med døme på innovasjonar. Frå ungdomssida bidrar Ungt Entreprenørskap og Norges Bygdeungdomslag, slik at både norske og utanlandske deltakarar kan sjå at bygdeutvikling og entreprenørskap også står sterkt blant ungdom i (bygde-)Noreg.
To blide Telemarksdamer serverer geitost og fortel om alle Telemark sine fortrinn.
Etter ein lang konferansedag var det tid for felles sosialt samver. Før middagen underheldt Sør-Fron juniorspelemannslag med norsk folkemusikk. Dei spelte svært bra, til stor jubel. Musikken i Noreg har jo kommi vandrande sørfrå, slik at venteleg kunne alle deltakarane kjenne att valserytmen som spreidde seg utover i Europa på 1800-talet - sjølv om valsen var spela som ekte Gudbrandsdalsmusikk. Trehundre middagsgjester koste seg også med god norsk mat under festmiddagen.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

