Forside » Arbeidsområder »
Spennande tankesmie med fokus på landbrukspolitikk
Torunn H. Kornstad 27.01.10
Bioforsk Aust Løken arrangerte også i haust det dei kallar for ei “tankesmie” - der nye tankar blir presentert og diskutert. Temaet for Tankesmia i november var oppfølging av Stortingsmelding nr. 25 om distrikts- og regionalpolitikken, men med mykje fokus på landbruket. Departementsråd Olav Ulleren i Landbruks- og matdepartementet hadde åpningsforedraget, og han var til stades heile dagen for å høre på innlegg og diskusjonar om fjellpolitikken.

Departementsråd Olav Ulleren frå Landbruks- og Matdepartementet.
Departementsråd Ulleren la i si innleiing vekt på landbrukspolitikken i fjellområda nå og framover, innovasjonsplattforma i Landbruks- og matdepartementet, og han fortalte at det kjem til å bli utarbeidd ei ny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Stortingsmeldinga skal leggast fram våren 2011. Arbeidet med ei ny landbruksmelding er ikkje formelt starta opp ennå, men det blir lagt opp til ein brei prosess, og at dokumentet skal vera eit viktig grunnlag for politikken på landbruks- og matområdet i tiåret etterpå. Meldinga skal famne heile verdikjeden, ho skal ta omsyn til den internasjonale matkrisa, klimautfordringane og det kunnskapsbaserte samfunnet landbruket er ein del av.
Eivind Brenna frå Vestre Slidre balanserte sitt innlegg mellom tre forskjellige roller; som ordførar i Vestre Slidre, medlem av Valdresrådet (Valdres Natur- og Kulturpark) og medlem av arbeidsutvalet i Fjellregionsamarbeidet. Brenna poengterte at landbruket er grunnlaget for busetnaden i regionen, at det må til sterkare verkemiddel for å få til auka tilflytting, og at politikken for verneområda må klargjørast slik at ein kan få ei lokal forvalting.
Dagleg leiar for Bioforsk Aust, Ragnar Eltun, fortalte om planane Bioforsk har etter at Løken forskingsstasjon er peika ut som eit senter innan forskinga på næringsutvikling og forvalting av naturrerssursane i fjellregionane. Trond Værnes frå Forskingsrådet orienterte om kva for verkemiddel som står til rådvelde i forskingsarbeidet, medan Eldgrim Springgard orienterte om stiftinga Norsk Fjellmatsenter i Hallingdal, som tar sikte på å bli eit senter for kompetanseutvikling, nettverksbygging og verdiskaping for fjellmatprodusentar i heile verdikjeden, og i heile landet.
Som eit apropos til arbeidet med utvikling og verdiskaping presenterte Asgeir Skålholt frå Østlandsforsking ei undersøking som er gjennomført blant utflytta ungdom frå Gudbrandsdalen. Foredraget hadde den talande tittelen “Kvifor flyttar folk frå fjellbygder utan arbeidsløyse?” Gjennom intervju gjort med ungdom fann dei ut at svært mange i prinsippet ønskjer å flytta heim - men at dei av ulike årsaker ikkje gjør det likevel. Grunnane til dette varierer; ofte er partnaren frå ein annan plass, eller han eller ho kan ha den same utdanninga, noko som gjør det vanskeleg å flytta til ein liten arbeidsmarknad. Dei unge vil helst starte sin arbeidskarriere i eit større arbeidsfellesskap enn dei kan finna i eit lite lokalsamfunn, og det er også slik at dei går seinare ut i arbeidslivet enn før, og dermed blir mindre mobile.

Asgeir Skålholt frå Østlandsforsking
Etter foredraga vart dei om lag 30 deltakarane delte inn i grupper, der dei fekk forskjellige problemstillingar. Kvar gruppe skulle komma med fire konkrete forslag til tiltak for å løyse problemstillingane, noko som utløyste ein god del kreativitet.
Eivind Brenna og Olav Ulleren oppsummerte Tankesmia. Brenna meinte at det viktigaste for fjellbygdene er å betre innteninga i landbruket, og ga døme på viktige produksjonar og produksjonsmåter som støling, og saue- og geitehaldet. Han la også vekt på at vi må følgje opp invitasjonen frå Forskingsrådet. Brenna minte også om Euromontana sin store konferanse som skal arrangerast på Lillehammer i september, med Fjellregionsamarbeidet som medarrangør. Dette vil vera ein arena for å synleggjøra fjellbygdene, og der vi kan vise heilskapstenkinga.
Ulleren viste i oppsummeringa si til at matvaresituasjonen og klimaendringane gir store utfordringar for landbruket. Med dei utfordringane WTO gir i høve til moglege overføringar, meinte han at sjølve matproduksjonen må vera lønsam i seg sjølv. Han la vekt på at han hadde fått med seg at deltakarane ønskjer auka tilskot til utmarksbeite - og kanskje vi i kan finna att resultat av dette i jordbruksavtalen til våren?
Eit meir fullstendig samandrag frå Tankesmia finn du her.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

