FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder » Spennande Fjellmatkonferanse på Geilo

Spennande Fjellmatkonferanse på Geilo

Torunn H. Kornstad     15.02.11

Over 100 deltakarar var med på den fyrste Fjellmatkonferansen som Norsk Fjellmatsenter og Fjellregionsamarbeidet arrangerte på Geilo 7.-8. februar. Dei var godt nøgde med eit variert program, der det både var fokus på erfaringar frå fjellmatprodusentar og reiselivsaktørar, og på rammevilkåra for fjellmatproduksjon. I tillegg til at innleiarane var henta frå forskjellige delar av Noreg, var også andre delar av Europa representerte, m.a. fekk vi høyre om fransk osteproduksjon og produsentsamarbeid i Portugal.

image
Frå lunsjen andre dagen, servert på Fjellmatsenteret.

Konferansen opna med ein lunsjbuffet som det kjem til å gå gjetord om lenge… Her var det ikkje spart på noko, og varm og kald fjellmat vart servert deltakarane, som tok villig for seg av godsakene. Det kom godt med da straumen forsvann utpå ettermiddagen, og middagen vart forseinka!

Men korleis skal vi få hotella i Fjell-Noreg til å servere slik mat kvar gong det er konferanse, og ikkje bare når det blir tinga spesielt?

I fokus på konferansen var både fjellmatprodusenten og reiselivet, som kan servere maten. Blant dei som delte erfaringane sine var det fleire som er bønder som foredlar eigne produkt, og i tillegg driv reiselivsverksemd der dei serverer desse produkta. Hilde Nustad Grytting frå Sygard Grytting i Sør-Fron fortalte om den verksemda dei driv, der svært mykje av maten dei serverer til turistar og andre gjester er produsert på garden. Bileta viste mange fristande produkt, og ei satsing på kvalitet.

Nils Noraker frå Noraker i Nord-Aurdal fortalte om utviklinga av rakfiskproduksjonen på heimgarden, og korleis denne har utvikla seg gjennom eit produsentsamarbeid om å få til ei felles merkeordning og felles design. Dei seks produsentane i Rakfisk frå Valdres har felles profil, men er samstundes sjølvstendige produsentar som konkurrerer med einannan gjennom å tilby fisk med foskjellig smak og særpreg.

Dei tre utanlandske gjestane formidla forskjellige erfaringar. Landbruksdirektør Frédéric Brandt frå kantonen Vaud i Sveits la vekt på verdikjedetankegangen for å få ei høgare verdiskaping for jorbdruksprrodukta. Han meinte at avtalar mellom dei forskjellige ledda i verdikjedene vil kunna gi ein meirverdi for alle.

image
Frå venstre André Valadier, Frankrike, Einar Alme, Innovasjon Norge,
Frédéric Brand, Sveits og Ana Soeiro, Portugal.

André Valadier frå Aubrac i Frankrike fortalte suksesshistoria om Laguiloe-osten. Istadenfor å halde fram med modernisering og effektivisering har dei der gått tilbake til den meir særprega produksjonen, og gjennom dette får dei ta ut ein mykje høgare pris enn om dei hadde seld osten på verdsmarknaden. Dei har også fokusert mykje på andre produkt, slik som knivar, som dei også er kjende for, og den tradisjonelle matretten Aligot, som er laga av ost og potet. Før vart denne servert som kvardagsmat på fredagar, da det ikkje var lov å eta kjøt - medan det nå er festmat på søndagane.

Ana Soeiro er generalsekretær i organisasjonen Qualifica i Portugal. Denne organisasjonen har medlemar som produserer mange slags produkt, der det avgjørande er at produkta oppfyller dei kvalitetskriteria som er sette. Soeiro la vekt på at det ikkje er nok at maten er produsert i fjellområda, han må også ha høg kvalitet. Ho meinte også at det bør vera felles kriterium for heile Europa for å kunna seia at noko er “Fjellmat”. Vidare meinte ho at dette ikkje skulle vera eksportprodukt; produkta skulle vera eksklusive og difor ikkje produserast i så stort volum - og folk skulle komma til regionen for å kjøpe dei.

Den andre konferansedagen vart spørsmålet om merking av fjellmatprodukt tatt opp. Torbjørn Tufte frå Landbrukets Utredningskontor og Nina Wærnes Hegdahl frå Matmerk presenterte dei gjeldande merkeordningane frå noko ulike synsvinklar. I dei eksisterande merka innan “Beskytta betegnelser” er det tre forskjellige ordningar, noko som gjør det uoversiktleg. Hegdahl la vekt på at innan den geografiske merkeordninga må ein legga vekt på samanhengen mellom produkteigenskapane og det geografiske miljøet, noko ho meinte var ganske lett å få til.

Hegdahl stilte også viktige spørsmål som ein må tenke gjennom dersom ein vil laga ei eiga merkeordning for fjellmaten. Føremålet med ei slik ordning må vera klart, produkta og merket må skilje seg ut for kunden, og verdiane bak må kommuniserast. Det er difor viktig at kvalitetskriteria er meisla ut, at ein veit kva “fjellmat” eigentleg er, at det er potensial for eit visst volum, og at det er på plass ordningar for forvalting og kontroll.

Per Roskifte frå Norgesgruppen fortalte at den største utfordringa for dei lokale matprodusentane ikkje var å få varene inn i butikkhyllene - men å få dei utatt derifrå, i handlekorga til kundane. Han viste til at 60 % av nye produkt ikkje overlever dei fyrste tre åra, og at så mange som 400 lokale og 200 regionale matprodusentar er inne i Norgesgruppen sine butikkar. Dei har nå laga sitt eige merke; “Jacobs utvalgte”, der spesielt gode matprodukt blir profilert og selt til storhushald.

Eivind Hålien, som opphavleg er frå Valdres, er ein kjent person i matmiljøet. TIl nå har han haldi til i Stavanger, og har i stor grad profilert sjømat og mat langs kysten. Hålien var utfordra på om fjellmaten kan vera ein attraksjon, noko han absolutt meinte, og illustrerte ved å vise bilete og fortelja om forskjellige materfaringar.

image
Ein engasjert Eivind Hålien fortel om korleis fjellmaten kan bli ein attraksjon.

Fylkesmannen i Buskerud, Kirsti Kolle Grøndahl, nestleiar i Fjellregionsamarbeidet Arne Vinje og styreleiar i Fjellmatsenteret oppsummerte konferansen ved å ta for seg “Kva nå?” Grøndahl fokuserte mykje på kunnskapsoverføring og kompetanseoppbygging som ein nøkkel til utvikling. Ho oppfordra også til samarbeid istadenfor konkurranse når det galdt å utvikle fjellmatsatsinga vidare.

Arne Vinje peika på at landbruket framleis er svært viktig i fjellkommunane, og at den kommande landbruksmeldinga blir viktig for framtida i fjellbygdene. Han drog fram utfordringane knytta til den enorme auken som må skje i matproduksjonen i verda fram mot 2050. Han la vekt på den store kontrasten i høve til slik situasjonen er nå, når talet på bønder synk dramatisk. Vinje meinte at vi kan lykkast med ein samordna innsats, og med å fokusere på følgjande viktige punkt:
- det trengst betre tilgang på investeringskapital
- god rådgjeving og rettleiing om det formelle er vesentleg
- vi må bygge opp kunnskap om matproduksjon og moglegheiter’
- vi må undersøke meir om merkeordninga, og om “Fjellmat” som stempel
- importvernet er heilt vesentleg, og det same gjeld støtteordningane gjennom jordbruksavtala

Styreleiar Anne Marie Kollhus la vekt på samarbeid, og fortalte om vyane for Fjellmatsenteret i høve til at dei der vil bli eit ressurssenter for fjellmatprodusentane. Dei ønskjer å kople kunnskapsmiljø og næringsaktørar, dei vil bidra til kompetanseheving og - ikkje minst - gjøra tilbydarane stolte av det dei produsererer.

Gjennom heile konferansen var det lagt opp til diskusjonar rundt borda - der deltakarane var plasserte slik at dei kunne ha “likesinna” å drøfte problemstillingane med. Resultata av diskusjonane vart levert til arrangørane, og vil bli brukt i arbeidet vidare med fjellmaten. Presentasjonane frå konferansen finn du her, på heimesida til fylkesmannen i Buskerud. NRK Østafjells var innom konferansen, og du kan høre innslaget her (start på 1:43:30 og 2:09:25).

image
Engasjerte deltakarar i rundebordssamtale.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes