Forside » Arbeidsområder »
Spennande Euromontanakonferanse i Baskarland
Tekst og foto hovedartikkel: Torunn H. Kornstad. Underartiklar: Se i artikkelen
27.01.10
Den store konferansen i Euromontan sin regi denne hausten var lagt til den flotte konferansestaden Arantzazu, som ligg i fjella i Baskarland. Temaet var positive sideverknader av næring og busetnad i fjellregionane, og korleis desse kan verdsetjast. Den norske delegasjonen på 13 personar kom frå KRD, landbruksdelegasjonen i Brüssel, og frå alle fylka i Fjellregionsamarbeidet
Baskarland var eit nytt og spennande landskap for dei norske deltakarane. I flyet inn mot Bilbao såg ein fjellområda tydeleg, med spisse ryggar og djupe dalar. Området var veldig grønt, men det var lite opent vatn å sjå. Busettinga låg nedi dalane, med svært langstrakt busetting. Baskarland er for øvrig svært industrialisert, noko ein såg godt rundt Bilbao.
Konferansen var lagt opp med studietur som starta frå Bilbao tidleg om morgonen 14. oktober. To fulle bussar drog ut frå hotellet i strålande sol, og vi kunne studere Guggenheimmuseet og byen frå bussvindauga før vi kom ut på motorvegen. Turen gikk delvis på firefelts motorveg – delvis på smale vegar med skikkelege korketrekkarvegar. I løpet av turen fekk vi sjå og høre om Aralar naturpark, vi stoppa ved ein næringshage, og vi var i ein landsby som delvis ligg inne i naturparken. Du kan lesa meir om studieturen her.
Vel framme i Arantzazu var det så vidt tid til å sjekke inn på dei respektive hotella før Euromontanas Generalforsamling 2009. Det vart rapportert for aktiviteten i 2008 og 2009, og planane for 2010 vart lagde fram – men det heile vart gjort tematisk. Referat frå generalforsamlinga finn du her.
Klokka ni om kvelden samla deltakarane seg endeleg til middag på eit av hotella – det var lenge mellom måltida i Spania for ein nordmann! Men maten var god, og praten gikk på engelsk, spansk, fransk, rumensk, italiensk, portugisisk – og norsk.
Etter åpningsforedraga starta sjølve konferansen med klargjøring av kva positive sideeffekter (positive externalities) av næringsverksemd er, og at dette er noe litt anna enn offentlige goder (public goods). Politikken i forskjellige land vart presentert, med vekt på det tverrsektorielle ansvaret for fjellpolitiske tiltak. Bjørn Eidem, Landbruksråd i Norge sin delegasjon til Brüssel, presenterte norsk politikk på området. Du kan lesa meir om hans framlegg her. Dei fleste problemstillingane knytta seg til landbruksdrifta i fjellregionane, da denne er svært viktig for å oppretthalde kulturlandskap, ferdsel og busetting, noko som i sin tur legg grunnlaget for mykje av reiselivet.
Eit grundig referat frå denne dagen kan du lesa her.
På slutten av dagen vart deltakarane fordelte på tre parallelle sesjonar, med tema knytt til korleis ein kan få godtgjort eller betalt for dei positive sideverknadene av næringsverksemd. Jordbruket i fjellregionane kan vanskeleg konkurrere med stordriftsjordbruket i store delar av Europa, og det trengst difor spesielle ordningar for å oppretthalde dette. Sesjonane hadde fokus på politiske verkemiddel, mat og merkeordningar som verkemiddel, og privat initierte prosjekt som også tar vare på dei positive sideverknadene.
Fredagen starta også med parallelle sesjonar, med vekt på farer og utfordringar knytt til dei positive sideverknadene. Ein sesjon handla om klimaendringar, ein annan om kva som skjer når ein gjør bøndene medvitne om at produserer offentlege gode i tillegg til maten. Den siste sesjonen tok for seg korleis det er mogleg å måle dei offentlege goda som blir produserte.
Resultata frå parallellsesjonane vart presenterte i plenum før det var ein rundebordsdiskusjon og konkluderande avslutning. Referat frå den siste dagen kan du lesa her.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

