Forside » Arbeidsområder »
Reiseliv og naturbruksutdanning tema på møte i Arbeidsutvalet
Torunn H. Kornstad 31.01.11
Arbeidsutvalet i Fjellregionsamarbeidet hadde møte i Oslo rett over nyttår, og mange viktige saker vart tatt opp til diskusjon. I tillegg til at reiselivet i fjellregionane presenterte seg og naturbruksutdanninga i fjellområda vart tatt opp til diskusjon, stod ei rekke andre saker på kartet. Utkast til nye vedtekter for Fjellregionsamarbeidet er m.a. sendt ut på høyring i etterkant av møtet.
Korleis skal reiselivet i fjellområda organisere og marknadsføre barmarksturismen?
Dette var eit tema på Arbeidsutvalet sitt januarmøte.
Bildet er tatt på Innovativ Fjellturisme sin konferanse i Hemsedal hausten 2009.
Innleiarar både frå Norske Fjell AS, Innovativ Fjellturisme AS og FjellNorge ga innsikt i korleis organiseringa i reiselivet er i dag. På vinteren er dei store og ein del av dei små alpindestinasjonane samorganiserte i Norske Fjell AS. Dagleg leiar Andreas Rødven fortalte at dette er eit selskap som finansierer seg sjølv, men som samarbeider med Innovasjon Norge om marknadsføringskampanjene mot utlandet.
Innovativ Fjellturisme var i utgangspunktet eit offentleg finansiert prosjekt for å auke sommarturismen - eller barmarkssesongen, som er eit meir presist omgrep, hos dei vinterbaserte destinasjonane. Sju store vinterdestinasjonar i Telemark, Agder og Buskerud utvikla eit så godt samarbeid gjennom prosjektet at dei har fortsett dette i eit aksjeselskap. Dette er også åpent for andre, og m.a. har Trysil i Hedmark kjøpt seg inn i selskapet. Dagleg leiar Kjell-Gunnar Dahle presenterte arbeidet i selskapet, med også styreleiar Eigil Rian til stades på møtet.
Frå venstre: Kjell-Gunnar Dahle og Eigil Rian frå Innovativ Fjellturisme,
og Andreas Rødven frå Norske Fjell høyrer på Trond Carlson
frå Oppland fylkeskommune som presenterer FjellNorge-konseptet.
FjellNorge er eit initiativ frå Oppland, som har fokus på felles marknadsføring av barmarkssesongen. Trond Carlson frå Oppland fylkeskommune presenterte kort initiativet. I prosjektet ønskjer ein å få samla store delar av reiselivet i Fjell-Noreg under ein felles paraply. Etter dei tre presentasjonane diskuterte Arbeidsutvalet saka vidare, og kom fram til at dei ønskjer å invitere Innovasjon Norge og NHO Reiseliv til neste møte for å fokusere meir på korleis reiselivet i fjellområda kan og bør organiserast.
Arbeidsutvalet ønskte også å diskutere naturbruksutdanninga i fjellregionane. Både Lien i Hallingdal og Storsteigen i Fjellregionen/Nord-Østerdalen ønskjer å utvikle seg vidare som kompetansesenter innan fjellandbruket. Knut Arne Gurigard frå regionrådet i Hallingdal og Ole Sylte Heggset frå Fjellregionen presenterte planane som ligg føre for dei to skulane. Dei satsar i litt forskjellige retningar; Storsteigen fokuserer mest på sjølve landbruket, medan Lien ønskjer å ha tilbod der alle ressursane på garden.
Arbeidsutvalet vil at problemstillinga skal takast opp på Årskonferansen, gjerne med ein work shop der naturbruksskulane og andre interessentar blir inviterte til å diskutere problemstillingar rundt naturbruksutdanning og ei eventuell ansvarsdeling innan dette området.
Knut Arne Gurigard (ståande) frå Hallingdal har ein engasjert
presentasjon, medan (foran frå venstre) Kjetil Lundemoen, Oppland,
Ole Sylte Heggset, prosjektleiar Storsteigen i Fjellregionen,
og Lars Bjaadal, Telemark, høyrer på.
Det stod mange viktige saker på kartet dette møtet. Arbeidsutvalet handsama rapport og førebels rekneskap for European Mountain Convention, eit forslag til reviderte vedtekter for Fjellregionsamarbeidet vart klart for høyringsrunde, og det vart bestemt at Årskonferansen og Rådsmøtet skal vera i Lom 12.-13. mai (det blir lagt ut eigne saker på nettsida om dette). Vidare kom AU med ein uttale om flytting av Culturaproduksjonen frå Fosheim i Valdres, og fekk ei orientering om Fjellmatkonferansen som skal vera på Geilo 7.-8. februar.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

