FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Positivt Rådsmøte for Fjellregionsamarbeidet

Torunn H. Kornstad     10.06.11

Rådet vedtok ein uttale om villrein og bygdeutvikling, og følgde også opp temaene om reiseliv og naturbruksutdanninga i fjellregionane frå Årskonferansen. Dei nye vedtektene vart samrøystes vedtatt etter ein diskusjon om valperioden for leiar og nestleiar. Perioden blir framleis på 2 år. Dei nye vedtektene slår fast at kommunar, regionråd/kommuneregionar og fylkeskommunar som vil arbeide for livskraftige fjellbygder kan melde seg inn i Fjellregionsamarbeidet.

image
Ordstyrarbordet på Rådsmøtet: Leiar Svein Borkhus, nestleiar
Arne Vinje og sekretær Torunn Kornstad.

Rådsmøtet vart avvikla i etterkant av Årskonferansen i Lom, og samla representantar frå elleve av dei femten medlemane. Leiar Svein Borkhus vart vald til møteleiar, og saman med nestleiar Arne Vinje losa han møtelyden godt gjennom alle sakene. Referat frå møtet finn du her.

I år var det fyrste Rådsmøtet der det vart lagt fram ein handlingsplan, dette var etter ønske frå Rådsmøtet i fjor. Planen gir grunnlaget for kva Fjellregionsamarbeidet skal arbeide med i åra framover, med eit høgt detaljeringsnivå for 2011 og -12, og meir overordna for dei to neste åra. Handlingsplanen bygger på det tidlegare vedtatte Fjellpolitikkdokumentet.

Rådsmøtet vedtok at dei par fyrste åra blir hovedarbeidsområda å følgje opp den norske fjellpolitikken gjennom arbeid med hovudsakleg reiseliv, landbruk og folketalsutvikling. Heile handlingsplanen finn du her. Med grunnlag i handlingsplanen vart det vedtatt ein økonomiplan for den same perioden. Det er her lagt til grunn at eit aktivt arbeid med medlemsverving skal gi ein fylkeskommune til som medlem - ei ambisiøs satsing! Det vart vedtatt å setja av noko av overskotet frå European Mountain Convention til eit prosjektfond, slik at Fjellregionsamarbeidet kan gjennomføre prosjekt i eigen regi.

Gjennomgangen av Årsmeldinga for perioden sidan sist Rådsmøte viste at sjølv om arrangeringa av European Mountain Convention tok mykje tid dette arbeidsåret, har det vori bra aktivitet også på andre område. Fjellregionsamarbeidet var m.a. medarrangør av Fjellmatkonferansen på Geilo i februar, og det vart påpeika frå salen at denne var svært vellykka. Rekneskapen for 2010 viser eit underskot på vel kr 250.000.Underskotet er noko lågare enn budsjettert. Dette skyldast m.a. at tilskotet frå Fjellregionsamarbeidet til konferansen European Mountain Convention ikkje blir overført før i 2011.

image
Bilete frå European Mountain Convention på Lillehammer.

Det vart gitt ei orientering om gjennomføringa av European Mountain Convention på Lillehammer 15.-17. september 2010. Ut frå dei mange gode tilbakemeldingane som er gitt, vurderast konferansen å ha vori svært vellykka. Rådet fekk utdelt Fjellregionsamarbeidet sin rapport om gjennomføringa, og fagrapporten frå Euromontana.

Forslaget til nye vedtekter vart lagt fram med to alternativ til valperiode for leiar og nestleiar; to eller fire år. Etter ein diskusjon som viste at det var gode argument for begge alternativa, vart det votert over desse, og eit fleirtal gikk inn for to år. Deretter vart vedtektene samrøystes vedtatte. Av nye ting i høve til tidlegare kan nemnast at namnet nå er vedtekter, ikkje retningsliner. Det skal veljast eit styre, mot tidlegare arbeidsutval, og talet på styremedlemar er avgrensa ved at kvar fylkeskommune skal ha ein representant, medan kommunane får to og regionråda to medlemar. Medan det tidlegare var slik at fylkeskommunane hadde ein person i den administrative arbeidsgruppa (det utvida sekretariatet), er det nå bestemt at alle medlemar med styrerepresentasjon også skal ha ein medlem i administrativ arbeidsgruppe. Det er framleis ope medlemskap for alle kommunar, regionråd/kommuneregionar og fylkeskommunar som vil arbeide for livskraftige fjellbygder. Dei nye vedtektene finn du her.

image
Rådsmøtet les forslag til uttale om villrein og bygdeutvikling.
Foran: Dovreordførar Bengt Fasteraune, leiar av Regionrådet
for Nord-Gudbrandsdal
.

Rådet følgde opp tre tema frå Årskonferansen gjennom eigne uttaler og vedtak. Det vart vedtatt ein uttale om villrein og bygdeutvikling. Som ei oppfølging til reiselivstemaet vart styret til å å arbeide for ein offensiv politikk for reiselivet i fjellområda, og å vera ein pådrivar for eit mer heilskapleg og koordinert reiselivsarbeid i fjellområda. Rådet ba også styret om å arbeide for ei styrka naturbruksutdanning i fjellregionane, med sikte på ei heilskapleg løysing.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes