FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Noreg treng ein fjellpolitikk - fråsegn frå årsmøtet

Kay H, Bjerke     28.03.08

I denne fråsegna – vedteken på årsmøtet i fjellregionsamarbeidet – er fokuset samanhengen mellom norsk og europeisk politikkutvikling.  Både lokale,  regionale og nasjonale styresmakter må arbeide godt saman for å hevde norske interesser sidan internasjonal politikk i stadig aukande grad påverkar norsk distriktspolitikk.


Fråsegna tar for seg disse hovudpunkta:
• Topografi, klima, tunn folkesetnad og avstandsulemper må inn i EU sin politikk innan konkurranse og statsstøtte etter 2013
• Dragkampen for å få til gode løysingar der avgjerder vert tekne på lågaste mogelege nivå, er eit kontinuerleg viktig arbeidsområde både i Noreg og som tema for norsk påverknad av EU-politikk.
• .  Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar må utviklast slik at:
 Økonomi til tenesteproduksjon for gjestene i fjellområda er sikra
 Økonomi og fullmakter til forvaltning av naturressursane vert sikra – ikkje minst gjeld dette forvaltning av område verna ut frå nasjonale og internasjonale omsyn.
 Økonomi som sikrar ivaretaking av verdifullt kulturlandskap
• Norske og europeiske styresmakter må erkjenne den rolla landbruket spelar både som matprodusent og som produsent av positive tilleggsverdiar knytt til landskap og kultur Landbruket og reiselivet i fjellregionen er avhengige av ein aktiv politikk på dette feltet.
• Nisjeproduksjon basert på unike kvalitetar i fjellregionen må sikrast gjennom vern av omgrepet ”fjellprodukt”.
• Ein områderetta politikk må sikre mest mogeleg likskap i tilgang til tenester.
• Noreg har tung eksportorientert næringsliv i distrikta og må derfor ha relativt større fokus på utvikling av konkurransedyktige ”rurale næringsmiljø”.  Det er viktig at norske styresmakter legg til rette for praktisk retta utviklingsarbeid for å utvikle føresetnader for innovasjon og nyskaping i næringsmiljøa i distrikta;
 Dette perspektivet er ikkje i stor nok grad avspegla i rapporten frå ”Stjernø utvalet (NOU 2008:3: “Sett under eitt. Ny struktur i høgare utdanning”). 
 Styresmaktene kan i tillegg påverke innhaldet i europeiske program og sikre norsk deltaking. 
• Medlemmer i Euromontana arbeider med ein analyse for å ”identifisere framtidig potensiale i europeiske fjellområde”.  Norske styresmakter bør delta i dette arbeidet; eit arbeid som kan vere viktig for å få fram realistiske og nyanserte framtidsbilete for europeiske fjellsamfunn
Les hele fråsegna Fråsegn 13.03.08.doc




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes