Forside » Arbeidsområder »
Kommunal- og Regionaldepartementet inviterer Fjellregionsamarbeidet med i referansegruppe
Torunn H. Kornstad 27.01.10
Fjellregionsamarbeidet har mottatt brev frå KRD der dei takkar for innspela til Distriktsmeldinga. Dei skriv vidare at dei nå vil ta initiativ til ein gjennomgang av kva som særpregar fjellområda, og Fjellregionsamarbeidet vil bli invitert inn i ei referansegruppe i samband med dette arbeidet.
Brevet frå KRD viser til at fleire av forslaga frå Fjellregionsamarbeidet er tatt inn i Distriktsmeldinga. Bakgrunnen for gjennomgangen av kva som særpregar fjellområda, er at departementet ønskjer å auke kunnskapsgrunnlaget rundt dette.
I Fjellregionsamarbeidet er vi svært nøgde med at KRD har tatt omsyn til våre innspel. Vi ser fram til at gjennomgangen for å definere særprega av fjellregionane startar, og er glade for at vi får plass i referansegruppa
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

