Forside » Arbeidsområder »
Grüne Woche - ein ny arena for å presentere fjellmat og Fjell-Noreg?
Torunn H. Kornstad 30.01.12
Den kjempemessige matmessa Grüne Woche i Berlin er i gang - og sist helg drog ein liten delegasjon på ministudietur for å diskutere om mat frå fjellregionane kan bli tema på arrangementet neste år. Turen vart både lærerik, og han ga grunnlag for å arbeide vidare med ideen.
Ein del av den flotte norske standen, med treveggar, naturbilder,
blide nordmenn i raude gensarar - og sjølvsagt masse god mat og drikke.
Det var Norsk Fjellmatsenter, som er lokalisert på Geilo, og fylkesmannen i Buskerud som inviterte, og deltakarane kom frå matsamanslutningar/prosjekt og offentleg sektor i Aust-Noreg. Oplegget starta med eit arbeidsseminar der temaet var diskusjonen om mat frå fjellregionane kan profilerast på Grüne Woche i 2013. I år er det Oslofjordregionen, Fjord-Noreg og Nord-Noreg som presenterer seg på Noreg sin stand, i tillegg til landsdekkande aktørar som Hanen og Norsk Kulturarv.
Ei utfordring er sjølvsagt å avklare kva “fjellmat” er i ein slik samanheng. Dette vart diskutert, men det var semje om ikkje å problematisere spørsmålet meir enn det som er naudsynt. Som utgangspunkt for ei geografisk avgrensing er det mogleg å bruke definisjonen av fjellkommunar som Østlandsforsking har kommi fram til i si utgreiing - men ein bør ikkje vera alt for rigid i høve til dette, ettersom det også er fjellområde i andre kommunar enn desse. Ettersom Nord-Noreg profilerer seg samla kan det gjørast ei avgrensing til fjellområda i Sør-Noreg.
Deltakarar på seminaret. Frå venstre med ryggen til: Guri Heggem,
Rørosmat, Sissel Kleven, Buskerud fylkeskommune, Heidi Jønholt,
Telemark fylkeskommune. Elles frå venstre: Hanne Wendt,
fylkesmannen i Buskerud, Torill Kolbjørnsen og Jan Egil Halbjørhus,
Norsk Fjellmatsenter, Liv Berven, Mat fra Numedal, Lise Wiik,
Telemark fylkeskommune, Cindy E. S. Bjølgerud, Hallingkost.
Ikkje på bildet:
Espen Bille-Larsen, Norsk Fjellmatsenter og Torunn H. Kornstad,
Fjellregionsamarbeidet.
Deltakarane var positive til å arbeide for at fjellmat og fjellområda blir eit hovudtema neste år. Eit hovudmål som ligg bak det å arbeide med eit slikt prosjekt, er å auke aktiviteten og verdiskapinga i Fjell-Noreg. Ideen vil bli presentert for Fjellregionsamarbeidet på Rådsmøtet 16. februar, som eit utgangspunkt for å få den politiske forankringa i dei aktuelle fylka og regionane. Vidare vil Norsk Fjellmatsenter invitere dei aktuelle aktørane til eit møte der ide og vidare arbeid kan bli diskutert. Arbeidet må forankrast både hos matprodusentane og i reiselivet/opplevingsnæringane for at det skal bli vellykka!
Etter seminaret var det på tide å besøke den største matmessa i verda - og oppdaga kor utruleg kjempestort dette arrangementet er! Det var hall etter hall etter hall med utstillingar frå mange forskjellige land, og tusenvis av menneske som gikk som elvar gjennom hallane. Å skilje seg ut i dette er ikkje lett - men Noreg hadde ein veldig pen stand, der det var brukt lys bjørk på veggane, og store bilete av norske fjell og nordlys over. Elghodet som var hengt opp vakte også oppsikt, og veldig mange som passerte tok bilde av dette. Produkt laga av elgkjøt er svært populært på messa, dette skil seg frå det andre land presenterer.
Eit av dei mest populære fotoobjekta på matmessa var det norske elghovudet!
Prosjektleiar for Noreg sin stand var også i år Anne-Lise Mellbye frå Nes i Ringsaker. Ho har etter mange år med dette oppdraget fått solid erfaring, og ho fortalte kva for idear som ligg til grunn for det Noreg ønskjer å presentere. Landbruksdepartementet ønskjer at mat, reiseliv og opplevingar frå ein større region blir presentert samla, og både Mellbye og ansvarleg i Innovasjon Noreg Arne Rød verka positive til tanken om å presentere fjellmaten og fjellområda neste år.
Etter mange timar med seminar og vandring på messa fekk deltakarane vera med på landbruksminister Lars Peder Brekk si mottaking på kvelden. Dette var ei markering av at Noreg i år deltar på Grüne Woche for 25. gang. På mottakinga vart det servert heilgrilla elg til 3-400 personar! Skogselskapet stod for grillinga, som vart gjort ute på store bål, og over mange timar. Kjøtet var svært mørt og veldig godt. Kjøkensjef Kristoffer Hovland frå Fossheim hotell i Lom var sjef for tilbehøret, som også smakte ypperleg. Det vart ein kveld med mykje god mat, taler, musikk og relasjonsbygging - så nå er også landbruksministeren informert om planane for å profilere fjellområda i Berlin neste år.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

