FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Gratulerer med fortsatt G35-produksjon ved Lom og Skjåk Meieri

Tekst: Torunn H. Kornstad   Bilete: Simen Bjørgen og Kjell Arne Berntsen

    03.05.11

Styret i TINE vedtok tidlegare i vår at Lom og Skjåk Meieri framleis skal få produsere Gudbrandsdalsost. Vedtaket kom etter hardt arbeid frå politikarar og tillitsvalde i Ottadalen, og vi gratulerer så mykje!

Overfor valdrisane, som har kjempa for å halde på Culturaproduksjonen på Fosheim Meieri i Vestre Slidre, har dessverre ikkje TINE vori like rause. Denne produksjonen er vedtatt flytta til Tungaanlegget i Trondheim.

image
Ordførarane i Ottadalen var på styremøte i TINE i Oslo i okotober for å legga fram sitt syn på kor G35 bør produserast.
F.v.:  Leiar for regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal Ole Aasaaren, ordførar i Vågå Rune Øygard, ordførar i Lom Simen Bjørgen, tillitsvald ved Lom og Skjåk Meieri Frode Aurmo, ordførar i Skjåk
Rolv Kristen Øygard og rådgjevar Elisabeth Hartmann.

Vedtaket om oppretthalding av meieriet i Lom og Skjåk vart feira sist fredag, med produksjon av verdas største raudost og stor folkefest på Marlo Grendehus. Det vart også servert rømmegraut koka på ysteriet. Arne Brimi hadde laga mange rettar basert på raudosten, medan også ungdomen engasjerte seg aktivt: Russen hadde laga eigen song om raudosten. Lokalavisa Fjuken si omtale av festen kan du lesa her.

Sigeren i TINE-systemet er viktig, da det skjer ei stadig nedlegging av foredlingsanlegg i fjellregionane, medan meir produksjon blir sentralisert til folketette område. Aksjonen viser også at det er mogleg å skapa eit stort engasjement for verdiar knytt til bygde-Noreg, og dei som fronta aksjonen skal ha stor honnør for det store arbeidet dei gjorde med dette. Ein av grunnane til at arbeidet lukkast og at engasjementet vart så stort, er venteleg at dette galdt eit produkt med eit namn knytta til produksjonsområdet, og folk flest skjønar sjølvsagt at Gudbrandsdalsost bør produserast nettopp i Gudbrandsdalen.

Neste veke arrangerer Fjellregionsamarbeidet Årskonferanse og Rådsmøte i Lom, og vi reknar med at det da blir høve til å smaka på verdas beste raudost, med produksjonsnummer 164.

Valdrisane har også kjempa for meieriet sitt. Det er ikkje truga av nedlegging, men det er nå vedtatt at Culturaproduksjonen blir flytta til Trondheim, sjølv om produksjonen ved Fosheim i seg sjølv er lønsam. Valdrisane fryktar at dette er fyrste stadium fram mot ei seinare nedlegging, da dette har vori eit trugsmål tidlegare. Ordførarane har difor gått i spissen for eit stort engasjement for produksjonen, men dei lukkast dessverre ikkje med arbeidet.

Fjellregionsamarbeidet engasjerte seg både i kampen for fortsatt produksjon av G35 i Ottadalen, og Cultura i Valdres. TINE har sendt oss brev der dei gjør greie for Fosheimvedtaket, som er gjort administrativt. Dei hevdar der at denne typen endringar er naudsynte dersom dei skal trygge framtida for norsk mjølkeproduksjon, og at vi i framtida må rekne med fleire avgjerder om produksjonsfordeling og anleggsttruktur som vil ha verknader for lokalsamfunn. Heile brevet frå TINE kan du lesa her.


image
TINE sitt anlegg på Fosheim i Vestre Slidre.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes