Forside » Arbeidsområder »
Gratulasjonar til Vinje kommune
Tekst: Torunn H. Kornstad/Bilete: Vinje kommune
28.01.10
Vinje kommune i Telemark har nok ein gong vorti “best i test” i ei undersøking om service i kommunane, og vi gratulerer! Denne gongen vart Vinje best da Forbrukarrådet undersøkte korleis service- og kunnskapsnivået i teknisk sektor er i 150 kommunar.
![]()
Velkomen til Tenestetorget i Vinje kommune - der får du god service!
Undersøkinga vart gjort ved å sende epostar, ringe og å sjekke nettsidene. Spørsmåla er stilte slik at det ser ut som det er “vanlege innbyggarar” som stiller dei. Forbrukarrådet skriv på nettsidene sine:
“I undersøkelsen av tekniske tjenester får Vinje 88 av 100 mulige poeng. En av testerne hadde problemer med å finne informasjon om vannavgiften, og vi fant ikke informasjon om hva man kan gjøre dersom det gis avslag på en byggesøknad.Dessuten fikk vi både på nett og i e-post bare nokså god informasjon om hvilke regler som gjelder for fasadeendring av en bolig.
Men alle andre henvendelser ble svært godt besvart fra Vinje kommune - både på e-post, telefon og ved å sjekke nettsidene.”
Vinje har også tidlegare kommi svært godt ut av slike undersøkingar. I 2005 vart kommunen kåra til “Årets servicekommune”, og i 2007 var dei også blant dei ti beste, som den einaste kommunen som greidde å vera blant “topp ti” i begge desse undersøkingane. Ordførar Arne Vinje uttalar: “Det er sjølvsagt triveleg og inspirerande med slike resultat - og krevjande: det gjev oss ein posisjon å forsvara.” Førebels ser det ut til at kommunen forsvarar desse resultata, og det med glans. Det må også nemnast at Vinje fekk Amnestyprisen i 2008 og vart Årets kulturkommune i 2009. Vi er stolte av å ha ein så aktiv kommune med så gode resultat som medlem i Fjellregionsamarbeidet!
Ein nøgd ordførar Arne Vinje i Vinje kommune
Undersøkinga som Forbrukarrådet gjorde omfatta denne gongen ikkje alle kommunane, slik som tidlegare. Det vil seia at få andre fjellkommunar er med i målinga. Oppdal kjem på 3. plass i testen, medan Tinn og Tynset begge får karakteren “bra”, og plasserer seg på henhaldsvis 32. og 53. plass.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

