Forside » Arbeidsområder »
Fråsegn frå årsmøtet om landbruksoppgjeret
Kay H, Bjerke 12.08.08
Jorbruksoppgjeret må styrke landbruket i fjellbygdene
Fjellregionsamarbeidet krev at landbruket får eit oppgjer i samsvar med pliktene som regjeringa har teki på seg gjennom Soria-Moria-fråsegna og dei måla som Stortinget har vedteke for næringa. Landbruksoppgjeret må vera med på å sikre god rekruttering, auka status, auka lønsemd og tru på framtida. Det er viktig at oppgåva til landbruket og blir sett på som eit distriktspolitisk verkemiddel.
Jordbruksoppgjeret må styrkje landbruket i fjellbygdene
Fråsegn frå Fjellregionsamarbeidet – årsmøte i Flåm 13. mars 2008
Landbruket og landbruksbasert næringsutvikling er ein føresetnad for levande bygder. Me står no framom eit landbruksoppgjer som vi få mykje å seia for landbruket i framtida, og dermed for mange bygdesamfunn. Særleg i fjellregionen spelar landbruket ei avgjerande rolle for busetnaden og kulturlandskapet, og ein geografisk spreidd landbruksproduksjon er ein grunnleggjande føresetnad for å tryggje den framtidige matforsyninga.
Fjellregionsamarbeidet krev at landbruket får eit oppgjer i samsvar med pliktene som regjeringa har teki på seg gjennom Soria-Moria-fråsegna og dei måla som Stortinget har vedteke for næringa. Landbruksoppgjeret må vera med på å sikre god rekruttering, auka status, auka lønsemd og tru på framtida. Det er viktig at oppgåva til landbruket og blir sett på som eit distriktspolitisk verkemiddel.
Viktig strategiar for landbruket i fjellbygdene er å:
• utvikle småskalalandbruket og kombinasjonsbruket vidare for å gjere fjellandbruket meir robust, og syte for at råvareproduksjonen er spreidd over heile landet;
• gjeva høve til at både større og mindre produsentar får høve til å investere i råvareproduksjonen. Dette føreset ei omlegging av finansieringspolitikken til Innovasjon Noreg, som favoriserer store samdriftsprosjekt;
• gjera både Innovasjon Noreg og Mattilsynet til viktige støttespelarar for etablering av småskala foredlingsverksemder;
• stimulere til aktiv stølsdrift ved å auke tilskotssatsane og opne for ny næringsverksemd med utgangspunkt i stølsmiljøa. Det er ei nasjonal oppgåve å leggje tilhøva til rettes slik at ikkje stølshusa og stølsmiljøa forfell og mister det estetiske særpreget sitt;
• leggje til rettes for ABS – regional forvalting av BU-midlar. Dette skaper auka engasjement.
Skal denne satsinga lykkast er det naudsynt å sjå på sektorovergripande tiltak. Me oppmoder regjeringa om å sjå ein slik samla landbruks- og distriktspolitikk i samanheng med forvaltningsreforma.
Jordbruksoppgjeret er ei godtgjersle for at landbruket produserer viktige fellesgodar som spreidd busetnad, velstelt kulturlandskap og trygg matforsyning, og importvernet er ein føresetnad for at dette skal vera mogleg. No er det viktig for legitimiteten til jordbruksstøtta og importvernet at landbruket blir sett i stand til å utføre oppgåvene sine.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

