Forside » Arbeidsområder »
Forslag til nye vedtekter for Fjellregionsamarbeidet er ute på høyring
Torunn H. Kornstad 31.01.11
Rådsmøtet 2010 vedtok at gjeldande retningsliner for Fjellregionsamarbeidet skal reviderast. I løpet av hausten er det arbeidd ut forslag til det som nå er foreslått kalla vedtekter. Arbeidsutvalet handsama forslaget på møtet i januar, og det er nå sendt på høyring hos medlemane. Fristen for innspel er 21. februar.
Frå Rådsmøtet på Geilo 2010. Leiar Svein Borkhus lengst til venstre.
Forslaget til nye vedtekter finn du her. Dei gjeldande retningslinene ligg her. Høyringsinnspel sendast på epost til sekretariatet.
Etter at høyrinngsfristen har gått ut skal Arbeidsutvalet handsame høyringsinnspela og vurdere dei konkrete forslaga. Det endelege forslaget til nye vedtekter blir deretter sendt til medlemane så dei kan handsame forslaget før Rådsmøtet 2011, som skal vera i Lom 12.-13. mai.
Rådsmøtet 2010 fatta følgjande vedtak:
”Med bakgrunn i diskusjonen i Rådsmøtet går hovudsekretariatet gjennom retningslinene for Fjellregionsamarbeidet og utarbeider eit forslag til reviderte retningsliner. Arbeidet må kvalitetssikrast av ein jurist. Dette forslaget blir handsama av Arbeidsutvalet og sendt på høyring. Etter at høyringsuttalene er handsama og konkrete forslag er innarbeidde, blir revidert forslag sendt ut til medlemane for politisk handsaming.
Endeleg handsaming av retningslinene skjer i Rådsmøtet 2011.
Rådsmøtet gjev Arbeidsutvalet fullmakt til å ta opp nye medlemar fram til dei reviderte retningslinene er handsama.”
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

