Forside » Arbeidsområder »
Fjellregionsamarbeidet med uttale om villrein og bygdeutvikling
Torunn H. Kornstad 14.06.11
Vilkåra for å drive bygdeutvikling i dei nasjonale villreinområda var eit viktig tema på Årskonferansen til Fjellregionsamarbeidet i mai. Statssekretær Heidi Sørensen frå Miljøverndepartementet, politisk rådgjevar Anja K. Hjelseth frå Kommunal- og regionaldepartementet og prosjektleiar for Hardangerviddaplanen Ellen Korvald innleia om emnet. På Rådsmøtet dagen etter vart det vedtatt ein uttale om temaet, med stort engasjement i Rådet.
![]()
Jakt på villrein har vori drivi sidan dei fyrste menneska kom til Noreg.
Her ser vi reinsjegar Dorthe Huitfeldt frå Vinje. Foto: Oddbjørn Carlsen.
Statssekretær Heidi Sørensen frå MD
På Årskonferansen opna ordstyrar Lars Bjaadal med ei kort innleiing, der han poengterte at ein “både må ta vare på reinen og raulendingen.” Fjellfolket er glad i reinen, sa han - men dei må også ha moglegheit for å skaffa seg inntekter av dei tilgjengelege ressursane i bygda. Statssekretær Heidi Sørensen la stor vekt på at Noreg er det siste landet i Europa som har villrein, og at vi difor har eit særleg ansvar for å forvalte denne arten. Sjølv om talet på villrein har haldi seg stabilt, la ho vekt på at villreinen er den einaste hjortedyrstamma som ikkje har auka dei siste tiåra. Ho presiserte at sjølv om mykje av villreinen lever i nasjonalparkane, er det også store leveområda utanfor, noko som er grunnen til at det nå blir utarbeidd regionale planar for villreinområda. (Oversikt over villreinområda i Noreg/Svalbard finn du her.)
I tillegg til det naturmessige forvaltaransvaret vi har for villrein la Sørensen vekt på dei moglegheitene villreinstamma gir, m.a. i samband med at naturen trekker mange turistar til Noreg. I to av prosjekta innan “Naturarven som verdiskapar” er villreinen med; “Vidda vinn” i Vinje og Tinn, og “Villreinen som verdiskapar” i Dovre/Rondane-området. Heidi Sørensen trakk også fram Norsk Villreinsenter, som har driftseiningar på Skinnarbu i Tinn og Hjerkinn i Dovre. Desse har også trekt til seg andre, tilknytta fagmiljø, og har dermed vorti robuste kompetansemiljø i fjellområda.
![]()
Statssekretær Heidi Sørensen frå Miljøverndepartementet la
vekt på ansvaret Noreg har for å forvalte villreinen.
I samband med dei regionale planane drog Sørensen fram at i tillegg til å ta vare på villreinen, skal planane legga grunnlag for ei berekraftig utvikling i fjellbygdene, og ei kunnskapsbasert og presis forvalting. Mange hadde sett fram til ein god diskusjon med både Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet til stades, men dessverre måtte Heidi Sørensen reise rett etter sitt innlegg. Det var tid til nokre spørsmål, og ho vart m.a. utfordra på at ho kalla dei regionale planane for “villreinplanar”. Spørsmålet rundt kva slags verdiskaping som skal vera mogleg i villreinområda vart tatt opp, utan at det var tid til å følgje opp dette.
Politisk rådgjevar Anja Hjelseth frå KRD
Anja Hjelseth frå KRD la i si innleiing meir vekt på dei generelle verkemidla som staten har i høve til utvikling av bygder og næringar, og vidare på at det er på lokalt og regionalt nivå ein kjenner best til dei moglegheitene og utfordringane lokalsamfunna står overfor. Ho sa vidare at det difor er slik at staten bare kan legga til rette for arbeidet med å skapa arbeidsplasser og attraktive stader der folk vil bu, men arbeidet for å få til dette må gjørast lokalt. Hjelseth trakk fram verdiskapingsprogramma og utviklinga av natur- og kulturparkar, ho poengterte ei regelendring som gjør at ein nå kan støtte prosjekt i opptil 5 år mot tidlegare 3, og ho la vekt på den moglege lokale forvaltinga av verneområde. Om dei regionale planane uttalte Hjelseth:
“.... Dette betyr at planene ikke bare er et viktig grep for å avklare arealbruken, men også for å sikre næringsutvikling og verdiskaping i områdene og i randsonene rundt. Jeg mener det er viktig at handlingsplanene som utarbeides fokuserer på konkrete tiltak for utvikling av både arbeidsplasser, næringsliv og et attraktivt sted å bo. Planene skal være et viktig ledd i arbeidet med å sikre levende fjellbygder både lokalt og regionalt!”
Det mange i salen særleg merka seg, var nok at Hjelseth lova ein eigen bolk om fjellpolitikk i den nye distrikts- og regionalmeldinga som skal komma i 2012.
Ordstyrar Lars Bjaadal, varaordførar i Telemark, takka samfylking
Anja Hjelseth for foredraget med klem, brunost og ostehøvel.
Prosjektleiar Ellen Korvald om Hardangerviddaplanen
Det har vori og det pågår planprosessar i og rundt villreinområda. Ellen Korvald har vori prosjektleiar for den regionale planen for Hardangervidda, og ho la fram ein god og grundig presentasjon av korleis arbeidet med denne planen har vori lagt opp. Hovedføremålet med planen er å komma fram til ein langsiktig og heilskapleg strategi for bruk av areal som er viktige leveområde for villreinen, eller som påverkar villreinen sine leveområde. Styringsgruppa for planen har lagt stor vekt på at både natur og samfunn skal ha ein sentral plass - det skal vera ein “moglegheitenes plan”. Planen skal vera langsiktig, og skal sikre at dei unike naturkvalitetane på Hardangervidda blir tatt vare på og at ein får fastsett grensa for det nasjonale villreinområdet. Men planen skal også gje rammer for bruk av areal til verdiskaping, og stimulere til bulyst og friluftsliv. Hardangerviddaplanen har vori på høyring i vår, og det kom inn 68 høyringsuttaler.
Prosjektleiar for Hardangerviddaplanen Ellen Korvald
hadde eit svært bra foredrag om planprosessen.
Foto: Ann Marit Holumsnes
Uttale frå Rådsmøtet
På Rådsmøtet i Fjellregionsamarbeidet 13. mai vart problemstillinga rundt bygdeutvikling i villreinområda tatt opp att til vidare diskusjon. Dette resulterte i ein uttale om villrein og bygdeutvikling. som er sendt til Miljøvern-, Landbruks- og Kommunaldepartementet, Direktoratet for natuforvalting, fylkesmennene og media:
“VILLREIN OG BYGDEUTVIKLING
Fjellregionsamarbeidet fylgjer med stor interesse arbeidet med regionale planar i villreinområda. I oppdragsbrevet frå Miljøverndepartementet (MD) vert det lagt stor vekt på at dette planarbeidet både skal sikre leveområda til villreinen og støtte opp om næringsutvikling i bygdene. Derfor har planen har i somme område blitt kalla ”moglegheitenes plan”. MD har skapt forventningar med dette todelte målet.
Fjellregionsamarbeidet konstaterer at planarbeidet er heimla i plan- og bygningslova og ikkje i naturmangfaldslova, og at planprosessane vert styrde politisk. Dette er ikkje verneplanar, men bruksplanar for rein og folk. Prosessen legg opp til at dersom det blir semje om planframlegga, så vil det vera fylkestinga som vedtek planane. Dette er nytt i norsk planarbeid. Fjellregionsamarbeidet vil streka under at dette styrkjer den lokale og regionale kjensla av eigarskap til planane. Ikkje minst er dette viktig for den rolla Fylkesmannen spelar i slike plansaker.
Villreinen er i mange fjellområde den viktigaste og mest særmerkte ressursen. Ressursar skal nyttast og forvaltast. Bygdefolket har vore flinke til dette gjennom mange hundreår. Derfor har me framleis ei utmark som det er viktig å taka vare på og nytte, vel vitande om at presset på areala har auka, og at skadane kan bli meir ubøtelege i dag enn tidlegare. Me treng overordna planar og ei klok forvalting som òg i framtida kan tryggje hopehavet mellom folk og rein, mellom utvikling av bygdesamfunn og høgfjell.
Nettopp fordi mykje av landbruket i fjellbygdene framleis er sterkt knytt til utmarka og fjellet, ser Fjellregionsamarbeidet med uro på at forvaltinga og planverket langt på veg blir nytta til å hindre ei berekraftig næringsutvikling i villreinområda. Det treng ikkje vera slik: Med dagens kunnskap er ikkje ei varsam utnytting av areala noko trugsmål mot reinen sine levekår. Jakt og fiske til eige bruk og til utleige, og bygging, vøling og stell av driftshusvere er tvert i mot døme på godt forvaltaransvar, og ei vidareføring av den eldgamle tilknytinga mellom folket og fjellet.
Dette føreset at også lokalsamfunna er restriktive med å taka i bruk stadig nye, store område til m.a. tung turistutbygging opp mot villreinens leveområde, og viljuge til fullt ut å respektere prinsippa for ei moderne, kunnskapsbasert, aktiv og tilpassa forvalting. Planprosessane må sameine det doble føremålet i oppdragsbrevet. Dette vil vera med på å redusere det eksisterande konfliktnivået mellom bruk og vern i fjellregionen, og faktisk skapa framtidstru og pågangsmot.
Fjellregionsamarbeidet oppmodar partane i prosessane til å gjera det dei kan for at dette skal bli røyndom, men understrekar at den sentrale og regionale staten har eit særleg ansvar for at planane skal sikre både villreinen og næringsutviklinga i fjellbygdene.”
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

