Forside » Arbeidsområder »
Fjellregionsamarbeidet med støtte til fortsatt lokal produksjon av Gudbrandsdalsost
Torunn H. Kornstad 15.11.10
På bakgrunn av prosessen i Tine der den framtidige strukturen av brunostproduksjonen blir vurdert, vedtok Arbeidsutvalet i Fjellregionsamarbeidet ein uttale der det gir si støtte til at det framleis må bli produsert Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen.
Uttalen frå Arbeidsutvalet er:
“...Arbeidsutvalet i Fjellregionsamarbeidet vil med dette gje si fulle støtte til at det framleis skal bli produsert Gudbrandsdalsost (G35) ved Lom og Skjåk meieri i Gudbrandsdalen.
For Fjellregionsamarbeidet er det viktig at ei merkevare som har ei klar og tydeleg forankring ein bestemt geografisk stad, framleis skal bli produsert denne staden. Gudbrandsdalsosten har ei sterk historie knytt til seg, med Anne Hov på Solbråsetra som ”oppfinnar” av osten, i tillegg til at namnet er ei merkevare. Det er også høg kvalitet på Gudbrandsdalsosten som blir produsert ved Lom og Skjåk Meieri. Fjellregionsamarbeidet meiner difor at det er svært viktig at denne produksjonen blir oppretthaldi som ei lokal merkevare.
For Fjellregionsamarbeidet er det viktig at fjellområda, der landbruket tyder mykje som næring, må ha anlegg for foredling av landbruksråvarene. Det er også viktig at det blir oppretthaldi mottak for geitemjølk i fjellområda.”
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

