Forside » Arbeidsområder »
Fjellregionsamarbeidet med innspel til den nye landbruksmeldinga
Torunn H. Kornstad 21.06.10
Innspelet frå Fjellregionsamarbeidet til den nye landbruksmeldinga legg vekt på kor viktig landbruket er for fjellbygdene, og at vårt landbruk legitimerer støtta til andre område i Noreg. Dei viktigaste fokusområda er den grasbaserte produksjonen, med særleg vekt på mjølkeproduksjon og beitebruk, rekruttering, tilhøvet mellom reiselivet og landbruket, lokalprodusert mat og forvaltinga av verneområda med omsyn til eit landbruk i utvikling.
Seterlandskap med dyrkingsfelt. Lomsetrin ved Fefor i Gudbrandsdalen, Rondane i bakgrunnen
Innspelet til LMD bygger på diskusjonen på Rådsmøtet i april, på innspel sendt frå medlemane til sekretariatet, diskusjon i møte i administrativt sekretariat, og til slutt møte i Arbeidsutvalet 28. mai. Synspunkta frå Fjellregionsamarbeidet er kort oppsummert desse:
Landbruket gjev grunnlag for mykje av sysselsetjinga og busetnaden i fjellbygdene. Landbrukspolitikken er difor svært viktig for utviklinga i fjellområda. Det er også slik at det allsidige landbruket i fjellområda produserer fellesgode som legitimerer jordbruksavtalen og importvernet, og dermed er avgjørande for at det også kan ytast støtte til jordbruksproduksjon i meir sentrale område av landet.
Fjellregionsamarbeidet vil peike på følgjande som det aller viktigaste for å sikre ei god utvikling i fjellbygdene:
- Dei grasbaserte produksjonane må styrkast, dette gjeld særleg mjølkeproduksjonen. Økonomien i produksjonane må betrast for at ikkje den dramatiske nedgangen skal halde fram. Det må sikrast gode finansieringsordningar for investeringar
- Beitebruken er ein berebjelke for dei grasbaserte produksjonane. I ei framtid der fokuset på matforsyningsgraden blir stadig større, må beitebruken haldast oppe og helst auke, da det bare er slik vi kan utnytte dei store arealressursane i ut- og innmark. Beitebruken gjev også fjellbygdene sitt særprega kulturlandskap. Økonomien i å ha dyr på beite må difor styrkast, og rovdyrpolitikken må sikre beitebruken. Sauehaldet er viktig for å halde kulturlandskapet i hevd så ikkje fjellområda gror att
- Rekrutteringa til landbruket i fjellbygdene må sikrast gjennom gode velferdsordningar, støtteordningar og utvikling av fleksibel utdanning innan naturbruk
- Landbruket i fjellbygdene leverer areal og kulturlandskap til reiselivet, medan reiselivet gjev marknadsgrunnlag for lokalprodusert mat og sal av opplevingar og utmarksbaserte produkt. Eit betre samarbeid mellom næringane er difor viktig
- Lokalprodusert mat må få innpass hos dei store matkjedane og i reiselivet
- Dei store verneområda innan fjellkommunane må forvaltast slik at det er mogleg å drive eit landbruk i utvikling også der. Fjellregionsamarbeidet meiner ei slik forvalting må skje lokalt eller regionalt
Heile innspelet til landbruks- og matdepartementet finn du her.
Mjølkeproduksjonen - ein viktig føresetnad for landbruket i fjellbygdene
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

