FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

European Mountain Convention vel i hamn

Torunn H. Kornstad     22.09.10

Den europeiske fjellolitiske konferansen på Lillehammer vart avrunda fredag med at president André Marcon las opp ein deklarasjon frå styret i Euromontana. Det blir her peika på at innovasjon er ein nøkkel til bærekraftig utvikling også i fjellregionane. Det blir peika på at det sjølvsagt blir gjort innovasjonar i fjellområda også i dag, men at arbeidet med dette må styrkast. For å få til denne styrkinga blir det foreslått ei rekke tiltak.

image
Dei flotte blomsterdekorasjonane var også laga i fjellområda, nærare bestemt i Alvdal.


Tiltaka for meir innovasjon gjeld både innan EU og nasjonalt/regionalt. Tiltaka er også relevante i Noreg, da deklarasjonen m.a. peikar på naudsynte tiltak innan entreprenørskap, utdanning,  transport og tenestetilbod til utkantane. Heile teksta i deklarasjonen finn du her (førebels bare på engelsk).

Den siste konferansedagen starta med parallellsesjonar, der det var sett fokus på nokre viktige sektorar i fjellområda. Sesjonen som tok for seg tilhøvet mellom verna område og tilhøvet til bærekraftig reiseliv var svært populær blant konferansedeltakarane, og det meldast om ein god diskusjon om emnet. Problemstillinga “bruk og vern” er like aktuell sørover i Europa som her i Noreg. Andre tema var fornybar energi, skog- og trebruk og offentleg sektor.

image
Dagleg leiar Jakob Trøan i Materialbanken AS, frå Vingelen i Tolga kommune.

På sesjonen med tema skog- og trebruk hadde m.a. dagleg leiar Jakob Trøan i Materialbanken AS eit svært bra innlegg, der han fokuserte på korleis deira bedrift nyttar råstoffet frå fjellskogen, slik at ikkje dette hamnar som dårleg betalt massevirke. I staden kan bedriften han leiar nytte tettvaksen, malmen furu til bygningsmateriale som t.d. laftetømmer, takspon og kledning, som er like haldbar som sibirsk lerk. Dei har også utvikla elementløysingar som gjør det enklare å setja opp lafta bygningar.

Etter oppsummeringa av parallellsesjonane var det tid for ein avsluttande rundebordskonferanse, der temaet var å skapa ein handlingsplan for innovative initiativ i fjellområda. Elisabeth Mellbye, dagleg leiar for Brennabu AS i Valdres, var den einaste norske deltakaren i panelet. Ho la i sitt innlegg vekt på at utdanningstilbodet i fjellområda må samsvare med kva det er behov for, at ein må styrke Ungt Entreprenørskap, og at forskingsmiljøa må bidra til innovasjon i distrikta.

image
President André Marcon i Euromontana ved talerstolen.
Elisabeth Mellbye frå Valdres nummer tre frå høgre.

Etter at Marcon hadde lesi opp deklarasjonen var det tid for å takke dei ansvarlege for konferansen, og å ønske alle vel heim etter ein svært vellykka konferanse.

Fjellregionsamarbeidet vil nytte høvet til å sende ein ekstra takk til funksjonærane som stilte velvillig opp, og som fekk konferansen til å gå veldig bra!

image
Gulkledde funksjonærar klare til innsats!
Frå venstre: Kjell Arne Berntsen og Katharina Sparstad, Valdres,
Rune Jørgensen, Fjellregionen, Janne Vikerødegården, Hedmark fylkeskommune,
Cathrine Fodstad, Fjellregionen og Heidi Jønholt, Telemark fylkeskommune.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes