Forside » Arbeidsområder »
Euromontanakonferanse om bærekraftig reiseliv i Skottland
Torunn H. Kornstad 30.08.11
Euromontana arrangerer 27.-28. september ein internasjonal konferanse om bærekraftig reiseliv. Konferansen går av stabelen i Inverness i Skottland, og The Highlands Council er medarrangør. Fristen for påmelding er utvida til 9. september. Dersom det maksimale talet på konferansedeltakarar blir nådd, blir påmeldinga likevel stengt før dette - så meld deg på nå!
Bilde frå Euromontanakonferansen i Arantzazu i Baskarland i 2009.
For å belyse temaet bærekraftig reiseliv har arrangørane henta inn forelesarar frå heile Europa. Frå Noreg kjem Pål K. Medhus, kjent frå firmaet “Høve støtt” i Hallingdal. Det er undervegs i konferansen lagt inn ein studietur, med tre alternative tema. Heile programmet finn du her.
Meir informasjon om konferansen finn du her. Arrangørane har forhandla fram avtalar om hotellrom til reduserte prisar, men det er nå svært få att av desse. Fortvil ikkje - det er mange gjestehus og Bed & Breakfasts du også kan bu på. Du kan t.d. sjå på heimesida til Inverness Guest House Association. Det finnast også fleire hotell enn dei som arrangørane har fått avtaler med.
Fjellregionsamarbeidet arbeider med å få til ein studietur for dei norske deltakarane måndag 26. september. Vi vil dra til den store nasjonalparken Cairngorms for å lære meir om korleis dei forvaltar og organiserer denne. Det endelege programmet for turen er ikkje klart ennå, men ta kontakt med sekretariatet dersom du er interessert i å delta. Epost: .(JavaScript must be enabled to view this email address).
For dei som er medlemar i Euromontana vil Generalforsamlinga denne gongen bli arrangert på ettermiddagen etter at konferansen er avslutta, dvs. frå kl. 14 onsdag 28. september.
Frå Euromontana si Generalforsamling i Arantzazu, Baskarland, 2009.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

