FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

EMC starta med studieturar i strålande haustvær

Torunn H. Kornstad     15.09.10

Deltakarane på studieturane på EMC på Lillehammer vakna til strålande haustvær onsdag. Dei var melde på tre forskjellige turar; til Midt-Gudbrandsdal, Valdres og Østerdalen, og alle kom seg vel avgarde på riktig buss. Det rapporterast om fagleg gode innslag, flotte naturopplevingar og god norsk mat på alle turane.

image
Deltakarar på tur ute på “fotostopp”

Den kortaste turen i Gudbrandsdalen skulle kombinerast med Generalforsamlinga i Euromontana på ettermiddagen, og var difor den som hadde flest deltakarar. Etter ein stopp på Skei - som vart litt forlenga fordi ein av deltakarane hadde gått seg bort - kjørte deg over Peer Gyntvegen til Gålå. Der fekk dei ei god orientering om Peer Gynt-arrangementa, og framføring av Solveigs sang attpå. På Rudi gard fekk dei høre meir om kulturturisme av Øystein Rudi, og dei fekk god mat før returen til Lillehammer.

Turen til Østerdalen gikk over Birkebeinervegen, med ein stopp på Sjusjøen der dei sjølvsagt fekk høre om Birkebeinerarrangementa og kva dei tyder for lokale grunneigarar, representert ved Pihl AS. Turen over fjellet var flott, og det vart innvilga løyve til ein fotostopp ved bautaen på toppen av fjellovergangen. Med snøfjell i bakgrunnen var det eit vakkert panorama sjølv for fjellvante søreuropearar.

Trafikksikringsprosjektet langs riksveg 3 sin fokus på elg vakte oppsikt - særleg dei malte elgane på brua over vegen ved Atna.

I Sollia var fokuset fyrst lagt på skog og trebruk. Lokale fagfolk fortalte om bruken av furu som trevirke, og ein skogbrukslærar frå Romania fortalde at der kunne ikkje furua brukast til noko, for det veks for fort. Kvar årring er på over 1 cm, medan dei i fjellstroka kan vera på under 1 mm! Han vart lykkeleg da han fekk med seg ei materialprøve som han kunne vise elevane sine, for elles ville dei ikkje tru han!

image
Ein imponert rumenar studerer ei materialprøve av fjellfuru,
som viser årringar på under ein mm (millimeter)

Svært mykje av turen gikk gjennom Stor-Elvdal kommune, så difor var det naturleg at ordførar Sigmund Vestad fortalte om kommunen på Atnasjø kafé - etter at det var servert god, norsk mat. Her fekk deltakarane også høre om Merkurprosjektet, som handlar om å gi nærbutikkane fleire oppgåver så dei overlever, og slik at lokalsamfunna kan behalde fleire tenester.

Ingen kan dra til Atnasjø utan å sjå Sohlbergplassen, og der vart det både servert sang og orientering om nasjonale turistvegar. Prosjektleiaren for Nasjonal Turistveg Rondane kom inn på temaet villrein, noko som vart følgd opp på den siste stoppen, som var på Venabu Fjellhotell. Der fekk deltakarane sjå film om villrein, og dei fekk høre forvaltninga snakke om utfordringane knytta til vern, og den felleseuropeiske kulturarven rundt rein og reinsjakt frå tidlege tider. Eigaren av hotellet sa litt om korleis dei dreiv næringsutvikling i villreinområdet - og det kom eigentleg ikkje fram nokon konfliktar mellom dei to synsvinklane.

image
Frå Sohlbergplassen, laga omtrent der Harald Sohlberg fekk
inspirasjonen til Norge sitt nasjonalmåleri “Vinternatt i Rondane”.

Deltakarane som drog til Valdres kjørte om Gausdal til Øystre Slidre, og på Løken fekk dei ei grundig orientering om Bioforsk sin verksemd retta mot fjellandbruket - og ein veldig god lunsj.

Euromontana si generalforsamling var også vellykka, med stor oppslutning frå både Euromontanamedlemar og andre norske deltakarar, som ville lære meir om organisasjonen. Det kjem meir omtale av Generalforsamlinga seinare.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes