Forside » Arbeidsområder »
Ein milliard menneske sultar, medan den vestlege verda har overflod av mat
Torunn H. Kornstad 09.04.10
Dette var ein bodskap Jacob Lundberg frå FAO hadde med seg på det landbrukspolitiske seminaret som vart arrangert på Lillehammer siste veke. Fram mot 2050 vil folketalet i verda auke med 2,3 mrd, noko som gjør at matproduksjonen må auke med 70 %. Klimaendringane kan komma til å gjøra dette enda meir utfordrande enn vi ser det i dag. Kva for konsekvensar kan dette få for det norske fjellandbruket?
Paneldeltakarar på seminaret, f.v.: John Petter Løvstad, Småbrukarlaget, Hans J. Sommerfelt, Naturviterne, Brita Skallerud, Bondelaget og Kjetil Lundemoen, Oppland fylkeskommune
Bakgrunnen for at Bioforsk, Oppland fylkeskommune og Fjellregionsamarbeidet arrangerte seminaret, var at Landbruks- og matdepartementet nå har starta arbeidet med ei ny stortingsmelding om landbruket. Denne skal omfatte både jord-, skogbruks- og matområdet, og skal leggast fram i 2011. Prosjektleiar i departementet Frøydis Vold gikk gjennom grunnlaget for meldingsarbeidet. Arrangørane håpar at dette seminaret vil gjøra fjellandbruket synleg i arbeidet med meldinga.
Gjennom interessante foredrag både om mat- og klimasituasjonen i verda, endringar i EU sin jordbrukspolitikk og WTO sin innverknad på jordbruksområdet, vart det sett sterkt fokus på dei internasjonale rammevilkåra også det norske jordbruket er ein del av. Deltakarane vart svært engasjerte av Jacob Lundberg sine skildringar av skeivfordelinga av mat i verda, og dei enorme utfordringane vi står overfor for å greie å skaffe nok mat til ein folkesetnad som stort sett vil komma til å bu i byar. Asbjørn Aaheim frå Cicero kompletterte dette biletet med å vise kva for konsekvensar klimaendringane kan få i forskjellige delar av verda. Dette kan gi enda større konsekvensar i Afrika og Asia, der også sultutfordringane er størst.
Panelleiar Magne Bjørnerud intervjuer Halldis Tvete frå Venabu Fjellhotell om kva ho synest om paneldeltakarane sine innlegg
Frå heimleg hald sette Bioforsk fokus på agronomiske utfordringar og om det er mogleg å få eit berekraftig jordbruk i framtida. Haldis Tvete frå Venabu Fjelllhotell fortalde om korleis dei satsar svært medvite på profilering av norsk mat, kva det faktisk er mogleg å få til med dette, og kor utfordringane ligg. Ivar Ekanger frå Landbruks- og matdepartementet hadde ein interessant gjennomgang av den nye naturmangfaldslova, medan Bondelaget og Småbrukarlaget la fram sine vyer for framtidsjordbruket i Norge. Seminaret vart avrunda med ein paneldebatt der panelleiar Magne Bjørnerud utfordra dei fire paneldeltakarane på kor landbruket skal gå framover, medan fylkesmannen i Oppland sende deltakarane heim med ei oppmoding til regjeringa om å gjøra fjellpolitikken tydeleg, å sjå fellesgoda som fjellbygdene produserer og å rydda opp i forvaltninga av verneområde.
Foredraga på seminaret finn du under her. I tillegg har Arne Vinje laga ei bra oppsummering av foredrag og diskusjonar den fyrste dagen. (Nokre av foredraga er det av tekniske omsyn dessverre ikkje mogleg å få lagt ut . Dei kan sendast til dei som bed om det):
1. dag:
Åpning ved politisk rådgjevar Anja Hjelseth, KRD.
En hållbar matproduktion för 2050 - hur föder vi en växande världsbefolkning? Ved Jacob Lundberg, FAO
Kva for konsekvensar får klimaendringane på matproduksjonen i verda? Ved Asbjørn Aaheim, Cicero
Revisjon av landbrukspolitikken i EU – kva kan konsekvensane bli for område med marginale produksjonstilhøve, slik som i fjellbygdene? Ved Hildegunn Gjengedal, LMD
Forskingsutfordringar i jordbruket sett i lys av krav til matvaretryggleik og klimaendringar. Ved Ragnar Eltun, Bioforsk
Kva for moglegheiter gjev den nye naturmangfaldloven for å utøve berekraftig landbruksdrift, stølsdrift og beitebruk i verneområde? Ved Ivar Ekanger, LMD
Berekraftig jordbruk i Noreg – utfordringar i fjellbygdene. Ved Audun Korsæth, Bioforsk
Vil ei matvarekrise i verda styrke eller svekkje WTO og frihandelen i verda?Korleis bør i så fall WTO innrette seg, og kva vil det ha å seie for landbruket i fjellbygdene? Ved Helge Christie
Oppsummering av den fyrste dagen, av Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune og nestleiar i Fjellregionsamarbeidet
2. dag:
Arbeidet med ny stortingsmelding om landbruket. Tema som blir vektlagt, og korleis ein vil oppnå samlande mål for landbrukspolitikken. Ved Frøydis Vold, LMD
Unike matkvalitetar som fjellbygdene kan levere. Ved Halldis Tvete, Venabu fjellhotell
Kva bør prege norsk landbrukspolitikk framover, og kva er dei viktigaste grepa som må takast? Ved Brita Skallerud, nestleiar Norges Bondelag
Kva bør prege norsk landbrukspolitikk framover, og kva er dei viktigaste grepa som må takast? Ved John Petter Løvstad, Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Konsentrerte og lydhøre deltakarar på seminaret. På fyrste benk: Audun Korsæth og Sigrid Fonnlid
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

