Forside » Arbeidsområder »
Årskonferansen for Fjellregionsamarbeidet 2012 blir arrangert i Telemark 9.-11. mai
Torunn H. Kornstad 13.03.12
Fjellregionsamarbeidet sin Årskonferanse 2012 blir arrangert i Morgedal, Telemark, 9.-11. mai. Hald av datoane! Tema på konferansen er Forvaltingsmodellar i nasjonalparkar, Næringsutvikling i fjellregionane og Samfunnsutvikling i fjellregionane.
Utsyn over Telemark (frå Gaustatoppen).
Arrangørane har alt sikra seg Chris Bremner frå Cairngorms National Park i Skottland til å innleie om deira forvaltingsmodell for nasjonalparken. Fjellregionsamarbeidet arrangerte ein studietur i forkant av Euromontanakonferansen i Skottland i haust, og det var stor interesse rundt denne modellen. Ordførar Arne Vinje i Vinje kommune og forskar Terje Skjeggedal frå Østlandsforsking vil også delta i denne sekvensen
Møteleiar for konferansen blir Terje Svabø, Han er ein svært habil møteleiar, som gjennom si tilknyting til Telemark også har fagleg innsikt i spørsmåla.
Alle innleiarane er ikkje klare ennå, men vi vil i alle fall få høre om skateparken i Vinje - der det også er planar om eit skate in - skate out-hotell, om kreativ og bærekraftig lokal utvikling i Telemark, Om kor langt planane for ein fjellfagskule har kommi, og kva det internasjonale PADIMA-prosjektet har oppnådd (PADIMA= Policies Against Depopulation In Mountain Areas).
I programmet er det onsdag kveld lagt inn besøk på Norsk Skieventyr i Morgedal, og torsdag ettermiddag blir det studietur til Vest-Telemark Museum og Dalen Hotell i Tokke.
Program finn du her.
Du kan melde deg på konferansen her. (ekstern nettside - Telemarkreiser)
Reisebeskrivelse kan du laste ned her.
Velkomen til Telemark og Morgedal!

Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes

