Forside » Arbeidsområder »
Årskonferanse og rådsmøte i snøsikre omgjevnader
Eeva-Leena Muurman 06.10.09
Fjellregionsamarbeidet gjennomførte sin årskonferanse med rådsmøte på Savalen i Nord-Østerdalen 3.-5. juni. Med snøbygene fykende utanfor glasa i stiv kuling fekk deltakarane verkeleg stadfesta at klimaet kan vera barskt sjølv når det er sommar i fjellregionane! Mykje interesse var knytt til foredraget til statssekretær Dag Henrik Sandbakken frå Kommunal- og regionaldepartementet, som her stilte på heimebane i kommunen der han har vori ordførar.
Dei om lag 60 deltakarane verka godt nøgde med konferansen. Det var mange gode innlegg om fjellpolitikken og frå fjellbygdene. Ordføraren i Tynset Bersvend Salbu opna konferansen, saman med to ungdomar som song og spela gitar. Svein Borkhus er leiar for Fjellregionsamarbeidet, og han ga ei god innleiing i høve til Fjellregionane sine utfordringar og behovet for ein fjellpolitikk.
Eivind Brenna presenterte Valdres som pilot for fellesgodefinansieringa innan reiselivet, noko som er sterkt etterlyst frå dei fleste regionane der reiselivet er ei viktig næring. Interregprosjektet ”Hjertet i Skandinavia” er eit fellesprosjekt mellom Fjellregionen i Hedmark/Sør-Trøndelag og naboen Dalarna i Sverige. Deltakarane fekk nyttig informasjon om korleis Interreg fungerer, og ein god presentasjon av dei to satsingsområda, som er ”Levande landsbygd” og ”Natur- og kulturbasert næringsutvikling”. Dette er område som er viktige for alle fjellregionane, og det blir difor spennande å følgje prosjektet vidare og sjå kva for erfaringar som blir henta i samarbeidet med svenskane.
Internasjonale impulsar kom det også frå landbruksråd Bjørn Eidem ved EU-delegasjonen i Brüssel. Han fortalte om utviklinga i EU sin landbrukspolitikk, og han samanlikna denne med den norske. Tala han viser syner at Norge ikkje brukar nokon særleg større del av sitt BNP på landbruket enn det EU gjør.
Eit friskt innslag i programmet var dei to jentene som presenterte ungdomsbedriften Fritidsentreprenørene UB frå Storsteigen vidaregåande skole. Dei har satsa på hest, stål og tre, og heile klassa er involvert i den same bedriften med forskjellige oppgåver og produksjon. Bedriften har hatt stor suksess og har vunni fleire prisar både lokalt og på fylkesnivå.
| Siv Egeberg og Jeanette Løkken frå Fritidsentreprenørene UB presenterte ungdomsbedriften sin på ein svært god måte, til tross for datatekniske problem. Dei lot også salen bli med og synge bedriftssongen som dei har laga! |
Per Dag Hole er styremedlem i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS). Han snakka om utmarksressursane i fjellbygdene og korleis vi kan utnytte desse. Både Fjellstyresambandet ved leiar Arnodd Lillemark, og Kompetansesenteret for distriktsutvikling ved Anne Irene Myhr fekk presentere seg, og ga deltakarane nyttig innsyn i deira arbeid.
Sjå meir omtale av konferansen her. Foredraga og fleire bilder finn du her.
Andre dag vart innleia av statssekretær Dag Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet. Han har sjølv vori ordførar i Tynset kommune, og han arbeidde mykje med fjellpolitikk i den funksjonen. I rolla som statssekretær utfordra han Fjellregionsamarbeidet på kva som eigentleg kjenneteiknar og skil fjellregionane frå andre distriktskommunar med store utfordringar. Fyrst når dette er definert og avklart kan det vera mogleg å gjennomføre eigne fjellpolitiske tilpassingar, meinte Sandbakken. Det vart stilt spørsmål frå salen om kvifor Nord-Norge da kan ha sine særordningar, men Sandbakken viste til at dette i stor grad er innarbeidde ordningar som er utvikla heilt sidan gjenreisinga etter krigen.
Sandbakken viste til fleire konkrete forslag frå Fjellregionsamarbeidet som har vori drøfta i regjeringa, men som ikkje har fått gjennomslag. Forslaget om prisutjamning på drivstoff kan det framleis vera mogleg å få til, da dette ennå ikkje er avgjort. Det verkar derimot vanskeleg å få til nedskriving av studielån slik som i Nord-Norge, og ein eigen energipolitikk.
Sandbakken kom også inn på forvaltinga av verneområde, da dette er svært viktig for mange av kommunane i fjellregionane. Han meinte heilt klart at det skal vera lokal forvalting av verneområda, og at det er dei statlege føresetnadene for ei slik forvalting som er avgjørande for kor godt dette vil fungere.
![]() | Statssekretær Dag Henrik Sandbakken |
Deltakinga på Rådsmøtet var god, med 15 personar til stades med stemmerett. I tillegg fekk dei andre som var til stades i salen talerett. Det var difor grunnlag for gode diskusjonar på møtet, og det meste av diskusjonen var konsentrert om Fjellpolitikkdokumentet.
Fjellpolitikkdokumentet vart opphavleg laga som eit innspel til utarbeidinga av den nye distrikts- og regionalmeldinga. Dokumentet vart også sendt ut på høyring, og dei konkrete innspela som kom inn i uttalene var grunnlag for diskusjonen på møtet. Rådsmøtet gjorde ein del konkrete avklaringar, men dei utfordra også Arbeidsutvalet på at dokumentet nå femnar for vidt, og at det bør gjørast klare prioriteringar av kva det skal arbeidast med vidare.
Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes


