FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Arrangementsturisme i fokus på årets Fjellturismekonferanse

Torunn H. Kornstad     27.10.10

Årets Fjellturismekonferanse gjekk av stabelen på Rjukan 24.-26. oktober, med tema Arrangementsturisme. Nesten 200 deltakarar frå store delar av Sør-Noreg fekk lære meir om både organisering og innhald i store arrangement, og korleis dei kan nyttast til å trekke folk. Deltakarane var særs godt nøgde både med foredraga og ramma rundt arrangementet, der historia rundt Rjukan var i fokus.

image

Arrangør av Fjellturismekonferansen er Innovativ Fjellturisme AS, som er eit selskap oppretta etter at prosjektet med same namn vart avslutta i fjor. Sju destinasjonar, som primært er alpindestinasjonar, har gjennom prosjektet arbeidd med utvikling av sommarturismen. Samarbeidet har vori så godt at dei etablerte aksjeselskapet etter prosjektperioden, og dei opnar nå også for nye medlemar. Etter den store interessa å døme er det behov for slike årlege konferansar, både for å få fagleg påfyll, men i like stor grad å treffe andre aktørar frå reiselivet, utveksle erfaringar og bygge nettverk. Rjukan er ein av destinasjonane som er med i selskapet, og ordførar i Tinn, Turid Opedal, fekk opne konferansen etter at “Sam Eyde”, som grunnla industrisamfunnet Rjukan, hadde fått seia sitt.

image
“Sam Eyde”, i Helge Songe sin skikkelse, formidla korleis han hadde etablert industrisamfunnet Rjukan.
Moralen hans var “Gå aldri glipp av Nachspielet!” - da det er der dei viktige avgjerdene blir tatt.

Foredragshaldarane på årets konferanse formidla erfaringar frå forskjellige typar arrangement, og frå forskjellige faser i organiseringa. Det var døme frå lite fjellnære destinasjonar som Gøteborg, Larvik og Danmark, men også frå Voss og Birkebeinararrangementa. Alle ga deltakarane del i kva dei sjølve hadde erfart og opplevd. Som ein fellesnemnar for å få til vellykka arrangement var samarbeid trekt fram som den viktigaste nøkkelen - både med det øvrige næringslivet og i stor grad kommunen. Fleire la også stor vekt på kor viktig det er å bygge opp eit godt forhald til dei frivillige, som dei store arrangementa er svært avhengige av. Som eit døme treng Birkebeinerarrangementa til saman nesten 5000 frivillige gjennom året, og mange av desse har høg kompetanse innan sine fagområde.

Deltakarane fekk sjå døme på eit svært godt samarbeid mellom ein festival og kommunen da Notodden presenterte sin Bluesfestival. Festivalen har eksistert i over 20 år, og kommunestyret har vedtatt at dei er ein blueskommune. Det er laga ei omfattande samarbeidsavtale, som blir revidert kvart år, og kommunen har to typiske bluesbyar i USA som venskapsbyar. Festivalen genererer ca. 20 mill kr i meiromsetnad i kommunen. Dette er sjølvsagt viktig, men minst like viktig er det at Notodden har eit godt omdømme basert på blues’en, det skapar lokal identitet og stoltheit, og det bind folk saman.

image
Ordførar i Notodden Lise Wiik og kunstnerisk leiar for Bluesfestivalen Jostein Forsberg,
presenterte festivalen og kommunen i flott samspel.

Konferansen var elles prega av den lokale historia på Rjukan, både grunnlegginga av industristaden og krigshistoria. Sabotasjeaksjonen med sprenginga av produksjonsutstyret for tungtvatn er kjent av mange, og vart levandegjort under middagen på Vemork, der det nå er Industriarbeidarmuseum.

Innovativ Fjellturisme vil nå opne for at også andre destinasjonar kan vera med i selskapet. Styreleiar Eigil Rian presenterte framtidsvyane til selskapet, der m.a. ein retta emisjon vil opne for at fleire destinasjonsselskap kan bli aksjonærar. Selskapet vil avgrense verksemda til Sør-Noreg, og dei vil halde fram både med marknadsarbeidet, studieturar og den årlege Fjellturismekonferansen. Destinasjon Trysil har meldt si interesse for å bli aksjonær, og det er alt bestemt at konferansen neste år, med tema “Korleis kan vi selja det norske sommarfjellet?” blir lagt til Trysil.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes