FORSIDEN

POLITISK FORUM

  Hvem er medlemmer
  Retningslinjer for arbeidet
  Handlingsprogram
  Arbeidsutvalg
  Årsmelding
  Årskonferanse/rådsmøte

ARBEIDSOMRÅDER

  Konferanser/arrangementer
  Folketallsutvikling
  Norsk fjellpolitikk
  Reiseliv
  Landbruk
  Euromontana
  Internasjonal politikk

MEDLEMSKAP

  Hvem kan søke
  Medlemskontingent	
  Innmeldingsskjema

NYTTIGE LENKER


NYHETSARKIV

KONTAKT OSS



INNLOGNINGSOMRÅDE



Forside » Arbeidsområder »

Arbeidsutvalet møttest på fjellet

Torunn H. Kornstad     15.11.10

Brennabu i Valdres var møtestaden for Arbeidsutvalet i Fjellregionsamarbeidet da det var samla 5. november. Sakslista var lang, men det vart også tid til å høre på at Østlandsforskning presenterte rapporten sin om avgrensing og definisjon av fjellområda og fjellkommunane i Sør-Noreg. Etter endt dyst var det velfortent rakfiskmiddag, og dagen etter kunne møtedeltakarane dra til Fagernes på Rakfiskfestival. Den er eit studium verdt for å sjå kva som kan trekke folk til fjellregionane!

image
Arbeidsutvalet møttest i strålande vintervær på Brennabu, Vaset i Valdres.

På sakskartet for Arbeidsutvalet stod denne gongen m.a. ei oppsummering av European Mountain Convention. Konferansen vart oppsummert som vellykka - einskilde har hevda “The best convention ever” - men det vart også peika på at det var forbetringspotensial. Dette gikk spesielt på at vi kunne fått til eit enda strammare program, med betre tid til diskusjonar i parallellsesjonane. Det vart delt ut evalueringsskjema på slutten av konferansen. Sjølv om svarprosenten der var i lågaste laget, viser svara at deltakarane i hovudsak var godt fornøgde både med det faglege utbyttet og det tekniske arrangementet.

Debatten var frisk rundt spørsmålet om kva som er dei oppnådde politiske effektane av arrangementet. Det vart lagt stor vekt på korleis Fjellregionsamarbeidet kan bruke konferansen vidare, både i høve til å arbeide politisk mot departementa, men også til å styrke samarbeide med andre organisasjonar. Konferansen har styrka posisjonen til Fjellregionsamarbeidet, og gjort at nettverket er meir synleg enn tidlegare. Desse effektane må nyttast for å setja større fokus på fjellpolitikken.

image
Tankefulle møtedeltakarar.
Frå venstre: Kay Bjerke, Buskerud FK, Anne Marie Sveipe og Kjetil Lundemoen, begge Oppland FK,
Lars Bjaadal, Telemark FK og Eivind Brenna, Regionrådet for Valdres/vertskap.

Arbeidsutvalet vedtok ein uttale til styret i TINE der det gir si støtte til at det framleis skal produserast Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen, ved Lom og Skjåk meieri (sjå eiga sak).

På sakskartet elles stod revisjon av retningslinene (saka blir ikkje realitetshandsama før det neste AU-møtet) og oppstart av arbeidet med ein handlings- og økonomiplan. Begge desse sakene blir lagde fram for Rådsmøtet til våren. Fjellregionsamarbeidet hadde også fått eit spørsmål frå Regionrådet i Hallingdal om å vera med og arrangere ein Fjellmatkonferanse i februar. Arbeidsutvalet sette stor pris på initiativet og vil bli med som arrangør av konferansen.

Utpå ettermiddagen overtok Tor Arnesen frå Østlandsforskning ordet, og han presenterte rapporten dei har utarbeidd på oppdrag frå KRD: “Fjellområder og fjellkommuner i Sør-Norge. Definisjon, avgrensning og karakterisering.” Arnesen la vekt på at det i rapporten er gjort ei spesiell norsk tilnærming til temaet, da det ut frå generelle europeiske definisjonar er slik at 91 % av Noreg er fjell. Definisjonen av fjellområda i Sør-Noreg er i hovudsak gjort ut frå høgde over havet. Som grense var sett 700 moh (600 i Nord-Trøndelag). I tillegg var det også tatt omsyn til kor bratt det er i lågareliggande terreng. Ut frå dette er så ein fjellkommune definert som å ha minst 50 % av arealet i fjellområdet. Dette gir 77 fjellkommunar i Sør-Noreg. Det er også definert noko som er kalla “tilliggande fjellkommunar”, der fjellområda utgjør mykje av arealet, men ikkje så mykje som 50 %, og der mange viktige funksjonar er knytta til fjellet. 36 kommunar er definerte inn i denne kategorien.

Det som ut frå rapporten kjenneteiknar fjellkommunane i høve til andre distriktskommunar, er avstanden til ein del sentrale velferdstilbod, og utfordringar knytta til infrastruktur. Fjellkommunane skil seg også ut ved at dei har hatt ein nedgang i folketalet på vel 5 % dei siste 20 åra. Gjennomsnittet for Noreg er ein auke på nesten 15 %.

image
Tor Arnesen frå Østlandsforskning.

Etter ein god del spørsmål til Arnesen og eit par raske saker til slutt, kunne møtedeltakarane gå til eit triveleg middagsbord med både lagra og vellagra rakfisk, noko dei sette stor pris på. Vertskap på Brennabu er Elisabeth Mellbye og Eivind Brenna. Brenna er ordførar i Vestre Slidre, og han representerer region Valdres i Arbeidsutvalet.

Dagen etter kunne dei som ønskte det studere eit fantastisk folkeliv på Fagernes, der Rakfiskfestivalen gikk av stabelen. Opp mot 25.000 menneske samlar seg i Valdres ei tidleg helg i november, med det påskotet å smaka på norsk tradisjonsmat produsert i ein fjellregion. I tillegg til rakfisk får mange andre matprodusentar frå store delar av Sør-Noreg profilere seg - det vart observert buer med produkt heilt frå Røros og Sørlandet. Det er organisert busstransport frå hyttegrendene, og folkelivet er yrande. Meir frå festivalen kan du sjå her.

image
Glimt frå Rakfiskfestivalen tidleg på formiddagen. Etter kvart vart det atskilleg meir folk!

Referat frå møta i Arbeidsutvalet blir lagde på heimesida vår etter kvart som dei er godkjende. Sjå her under “Dokumenter”.




Utviklet av Godt Sagt Kommunikasjon | Webredaktører: Torunn H. Kornstad og Ann Marit Holumsnes